Det ser ut som det skjer lite heime hjå oss for tida. Men vi er oppegåande. Thor Kristian er komen heim frå Sogndal, til gode middagar. Han tek til på sommarjobb på verket over helga. Det gjeld å halde seg vekke frå fotballen slik at det ikkje blir beinbrot i år igjen. Idag har han vore assistendommar i Stryn i NM kampen Stryn- Strømsgodset 2, der det vart heile 11 mål, då mest til Strømsgodset, og Stryn er såleis ute av NM cupen. Espen har vore med som sjåfør og moralsk støtte. Idag kom og svigermor Jonna heim frå Bergen, dei er raskt ute av sjukehuset for tida. Det er berre 5 dagar sidan operasjonen. På måndag skal Stine ta ny sjeleoperasjon for tredje gong. Truleg blir det tur til Sandane i helga. Eg skal først på blåtur med kollegar frå Svelgen oppvekst. Kor vi skal er hemmeleg, men vinhøna er reiseklar med black tower i kroppen. Då kjem det sikkert nokre linjer om nokre dagar, eller kanskje eit bilete av eit eller anna. Finn fram solkremen, for veret skal bli bra i helga.