søndag 27. juni 2010

måndag 21. juni 2010

torsdag 17. juni 2010

Biletserie frå Prahaturen.

Her kjem "filmen" frå prahaturen. Husk lyd.
Eg har ein videosnutt frå Elton John konserten. Kameraet måtte ligge i kontainer til oppbevaring men er filma frå mobilen.Sidan eg er eit lovlydig menneske får eg late vere å legge den ut. Har jo sletta den sjølvsagt.Musikken frå Elton John får heller holde. Men gløymde eit bilde som eg legg her. Vi kom ganske tidleg så lokalet held på å fylle seg opp, og var heilt fullt når konserten starta

.

søndag 13. juni 2010

Då var vi heime frå ein fin tur i Praha. Varmt og godt var det i allefall, med temperaturar både over 30 og under. Det vart så mykje bileter at dei neste kjem i film om nokre dagar.
Reisefylgjet oppe med slottet.
Godkjent hotell.
1 runde på byn
Den astrologiske klokka
Hard rock kafe
Framkomstmiddel som vi IKKJE brukte

søndag 6. juni 2010

Ferietur

Heile familen reiser i mårå kveld/natt til Tjekkia og byen Praha.

Torsdag skal bli på konsert med denne mannjen
Nemmeleg sjølvaste Elton John

Fredag skal Thor Kristian og Karoline avgarde på konsert igjen,
dennen gang med:
Gode gamle Bob Dylan.
Det kjem vel ein rapport om turen. Ha ei fin veke, vi snakkast.

laurdag 5. juni 2010

Vårens vakraste eventyr

Idag sykla eg og Espen saman med 35 andre Bremanger Rundt. ca 110 km(frå huset vårt)
Vi sykla opp frå Svelgen kl 910, rast på Rasteplassen oppi dalen og Isane. Vidare til Davik i ein lei motavind. Vi sykla vidare til Gløføykje og åt betasuppe og rundstykker der. Det gjekk styggfort ned den undersjøiske tunellen, men gu hjelpe meg for eit slit opp. Motavinden heldt oss med selskap ut til Oldeide og opp bakkane der. Det gjekk likevel fint opp (men steikje kor lange den eigentleg er )til ein ny rast i vakre konsdalen. No kom eg på kjende trakter medan vi sykla langs dalevatnet og forbi vakre Svartstad. Ny rast i Struen, så var det straka vegen til Smørhamn. Då var det godt å gå av sykklen og sitje og kose seg i sola på dekk. Det gjekk mot slutten, det var godt å svinge inn til Svelgen Hotell for eit godt pizzamåltid. No hadde det vore fristande å hengt syklane på bilen, men akk. På an igjen dei 2 siste km. Vel heime litt slitne i låra og reva, men det kunne vore verre. Ein fin tur som freistar til gjentaking. Sjå elles fine bileter frå turen i Firdaposten her:http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5146646.ece
1 rast oppe i dalen

PÅ Davik

PÅ Gloføykje, Vakre Hornelen i bakgrunnen
Vi ventar på ferja i Smørhavn

Tilbake i Svelgen 10 timar etter start. Det smakte med mat og drykk for alle.
Takk for turen til alle.

Etiketter