torsdag 22. april 2010

Nye stempel

6 solgt
7

8

søndag 18. april 2010

Telthusbygging på sjampingen

Helga vart brukt til bursdagsfeiring og husteltbygging. Vi starta tidleg laurdag morgen i 9 tida og holdt på til ca 20.30. Vi var utruleg heldige med veret. Regnet kom i 14 tida men då var taket kome på. Deretter vart det både sulige regnbyer, vind og sol. Vinden var ikkje verre enn av det gjekk fint med resten av arbeidet og.
KLAR, FERDIG, BYGG!




I pausen vart det kaker og kaffi med tilbehør på kjøkenet.


Søndag var det påan igjen med resten av bjelkane i taket, tette hol her og der.Så var helga slutt og telthuset er ferdig utvendig og delvis inne. Neste helg skal treverket inne beisast slik at vi ikkje treng vere redd for golvet. Så går det slag i slag med legging av golv, møblering og så ...................

fredag 16. april 2010

søndag 11. april 2010

Arbeidshelga på Sandane

Så er vi klar med grunnarbeidet til glasfiberhuset.
Først skulle den "gamle" platningen over vegen til våre nye naboar
Sterke gutar
Stålramma skal fyljast med singel
Det går framover
Meir singel
Steikje møkje å gjere, men gjer godt med ein pauseprat

Då tek vi laurdagskveld
Grillings!Utan mat og drikke duger ............ikkje
På an igjen søndagsmorgon.
FERDIG!! Fornøgde menn.

onsdag 7. april 2010

Grunnarbeid

Idag henta vi stålramma og den vart i ettermiddag mala i ein lys grå farge. Den skal rett samansetjast så bokstavane må passe. "Ettermaling" må gjerast når ramma er skrudd saman.
I helga er det meldt godt arbeidsver så vi vonar grunnarbeid blir ferdig.



laurdag 3. april 2010

Rolege dagar på sjamping

Det vart stogg i arbeidet med platningen sidan vi solgte den. Ramma ligg klar heime til behandling. Så dette lyt vente til neste helg. Idag starta dagen på Bakern med frukost. Elles benytta vi dagen til å kike på golbelegg og anna vi får bruk for. Men det er late dagar, men så er det ferie og. Hekling og lesing. Jammen fekk vi ei stund i solveggen og idag før fjordbrisen kom og øydela. Eg tok storrunden Fitje rundt idag. Måtte ta eit par bilete for å teste den mye mobilen min.W 995.


torsdag 1. april 2010

Påskemodus

Vi er på plass i Bukta og sjampingvogna. Dagen starta ikkje tidleg, sov leeeenge og sein frukost. Slik skal det vere når ein har ferie. Etterpå starta prosjektet: Rive platning for å setje opp hus.
Med oppladda drillar starta kampen mot faste skruar og spikrar. Etter ei tid kom ein på om ein sparte seg mykje arbeid med å selge platningen til dei nye naboane i vest som kjem. Dei manglar platning som passar akkurat. Jau slik vart det. Det er berre at då må vi "spøte" ny. Men, men det går fint. Vi rydda opp og tok turer til Vetlevatnet. Vi var spente på om det var snø. Det gjekk sånn akkurat sidan Espen hadde joggesko.
1,2,3 vi er i gang!

Etiketter