søndag 26. oktober 2008

Ulrik,avsluttning og vinterlagring.

Så kom helga som skulle bli avslutninga på sesongen 2008. Den vart meir spennande enn vi sette pris på. Det omlag plaska ned med regn.Vi rigga oss til på grillen laurdagskvelden med presseningar, diverse lys og varme, og tørr "møreved" på peisen. Pizzaen og "raudbrusen" smakte godt. Vi vart noko uroa uover kvelden pga stormfloa. Den nådde lenger opp enn vi ynskte. Dei som ikkje hadde sjøstøvlar eller stylter tapte kampen.Sjølv vart eg ståande inne i vogna med "hav" på alle sider og måtte hentast med bil. Etterkvart auka vinden på og ting begynte å skje kring oss.Telt knakk, vogner datt av støttene. Leveggar datt over.Kortslutningar. Grillplassen vart etter kvart ikkje ein trygg stad å opphalde seg. Det var berre å rømme inn i vognene, og bite tenna saman og håpe at dette skulle gå bra.
DÅ, var det godt å vete at søndag skulle vogna i hus, og vi slepp å sitje heime og otte oss når neste storm melder sin ankomst. Vi takkar for i år!!



Glade gutter! Godt jobba!
























søndag 19. oktober 2008

Meir flaks enn lov?

I helga var eg og Espen i Oslo. Han var på møte ,eg var med som anstand og ansvarleg for innkjøp. Fredag kveld var vi 18 stykker som skulle nyte Wallmann showet. Dvs 4 retters middag med sang og dans. Eit flott show, men maten var tileigna ein fuglefamilie på 2. Først ei suppe i fingerbøl.Vidare 5 gr kjøtbitar. Hovudretten var fisk som heitte gjørs. Sjå her . Det er godt med fisk men dei fleste synest den smakte uferdig klippfisk.Til slutt vart måltidet avslutta med ei ostekake. For å sei det sånn: " Fint skal det vere", men du verden vi bør ikkje klage. Etterpå vart det ein tur på tre brødre og til slutt ei tex mex burgershappe. Det gjorde godt opp på gjørsen. Haha.Mannfolka fekk gå noko føre oss damene, og dei som ynskjer å kjenne seg mandig kan møte opp på Karl Johan på kveldstid. Ein når fort 15-20 tilbud frå nette små nigerianske "babes". Dei syg seg på som igler. Ein mann på snart 50 år (les Espen) kan lett bli smigra av slike tilbud, men lat det bli med tanken.Laurdag hadde alle frileik fram til 18.00. Vi vandra ned til Oslo City. Og her kjem ei fantastisk historie.
Etter at vi hadde plasset mannfolka trygt på ein kafe, med aviser og kaffi, fekk vi frie "taumar".
Det starta bra, men med vanndrivande tabelett innabords blir det litt stress. Eg bestemte derfor å slå meg ned meg mennene. Skulle kjøpe meg noko MEN KOR VAR LOMMEBOKA????

Sist eg hadde sett den var på do, etter å ha betalt avgifta.Skulle ta heisen opp igjen i 4 etasje men det skulle heile familien jalla og, med sine 8-10 barn. Så eg begynte å springe opp rulletrappene. Godt "pesa"kom eg opp til doen, men der var ingen lommebok. Like stressa måtte eg springe ned igjen i informasjonen, og sjekke om dei hadde fått lommeboka mi inn der. Men neida. Hjertepumpa kokte, og lettare fortvila måtte eg fylle ut tapt skjema. "Har du sperra korta dine?". Den hyggelege jenta ringde sperre visa telefonen. Kva kort har du, sa ho? Eg fekk ikkje ramsa opp alle sidan det var Visa ho var mest interessert i. Medan eg stod og prata i telefonen KOM DET EI DAME MED:: JA GJETT LOMMEBOKA MI: HO HADDE FUNNE DEN PÅ DO. Eg slo armane rundt ho og innrømmer at tårene kom. Det er berre så utruleg, at meir flaks enn det skal ein leite lenger etter. Etterpå sette eg meg ned i ein skinnstol, og datt helt ihop. Det vart ikkje meir handel på meg.Om kvelden var vi på Halvdan Sivertsen. Søndagen berre luffa vi rundt i fineveret. Reiste frå eit flott solskinn i Oslo, og kom til ein regn og vindfull Florøby. Vi rista og svinga oss godt før vi landa, men vi kom oss trygt heim. Nyt bildet av lommeboka mi, det kan hende eg treng dykkar hjelp om den skulle forsvinne igjen. Eller eg trur historia sette ein støkk i meg.

onsdag 15. oktober 2008

Golvet er støpt

Til deg Stig som saknar bilete av det støypte golvet.
Du må ikkje vere so uroa for framgongen, den er det andre som styrer.har du dårleg erfaring med oss? haha. No tek vi oss ein tur til Oslobygda i helga. Espen skal på sånn "tamedkjerringaogvisehofram" samling. Ha ei fin helg alle i hop!1

laurdag 11. oktober 2008

Scrappemodus

Eg kom i sånn scrappebabykortmodus då vesle Johan kom til verda. Vesle og vesle, han var rett nok 4600 kg, så han var nesten vaksen . Men uansett kom det nokre lyster til å scrappe babykort. Det er berre å finne tid til meir "lyst".

solgt

Statusrapport frå heimen

Då vart det brått helg igjen. Det er godt å vere heime i dette ruskeveret.Det er mangt som skal gjerast her og. Som de ser går no badeprosjektet framover. Litt røyrleggararbeid på måndag, og så er det klart til støyping på tysdag.
Ha ei god helg "dar ute"!

laurdag 4. oktober 2008

Prosjekt bad.

Det går på fram. Espen arbeidde som ein helt medan eg var i byn. No er tapet, veggar og golvbelegg kasta på storboss. Ps. det var lite rift om tapeten og ikkje minst golvbelegget. Det "balja" på seg med ny varmtvannstank, vindu og nye dører sidan vi skulle skifte ei. Så låg nokre rør i vegen slik at taket på vaskerommet brått måtte skiftast og. Men sånn er det med renovering, ein veit aldri kva som ligg bakom diverse.

I neste veke er det klart til støyping av golv som må tørke i 6 veker. Fliser og innredningar er no innkjøpt så vi held tidsplanen med god margin.

********************************************************************************
Denne helga er det Sandane og sjamping. Eg hadde med krabbe i går, og det smakte godt. trur den måtte vere salt for vi vart så "spøkje tyste"

.
**********************************************************************************
I dag ligg snøen langt ned i fjella på Rygg, men badesesongen er ikkje omme for "den tøffe". Grøss og gru.

Det går mot vinterlagring!!


Frå Cash til Springsteen i "byn"

Brått vart det helg igjen.Minnene frå ein fantastisk konsert i Grieghallen set i haude enno.
Det er då ein er noko stolt av å spelt saman med mange av desse menneska frå havgapet.Tenk å fylle Grieghallen for tredje gong. Rett nok kunne ein sjå og høyre mange utflytta og fastbuande "bongsarar" i gatene, på hotellet og i Greighallen. Ein fin tur tur på meg og Tove vart det i alle fall.Neste år går turen til Dakota. Hm, det er vel best å begynne å spare, men akk so vanskeleg å få realisert den draumen? ELLER?
Det vart ikkje teke så mange bileter frå konsert og fest, men på you tube er dette .

Etiketter