Den mest kreative sjela i familien hadde laga ein kalendar til Stine. På bileta kan ein sjå at nokre bilde vart hard kost, og jenta måtte både smile og le.
Stine feira dagen sin på Sandane saman med to andre. Laurdagen kom ho heim til gåver og kake. Det er ikkje lett å finne på noko til ei som har alt. Mor har laga eit fint scrappekort. her kunne lese Stine lese at måndag 18 februar skal ho stå klar i garasjen vår med koffert og pass. Meir veit ho ikkje(får vi håpe). Dersom alle klarer å halde munn skal dette gå bra!!
Ho lurer fælt men det får ho berre gjere!!
tysdag 22. januar 2008
STINE GRATULERER MED 18 ÅRS DAGEN IDAG 23.JANUAR TRYKK PÅ PILA, HUSK PÅ MED LYDKNAPPEN. VELKOMMEN HEIM PÅ LAURDAG, DÅ VENTAR KAKE OG NY OVERRASKELSE.
I dag tok eg til på vidareutdanning i IKT ved Høgskulen i Sogndal. Dette er eit resultat av dagens læringsøkt.
Hei. Det vart ei stund før eg vart ledig til å legge inn nokre ord. Det er tid for Årsmøte både her og der, samt litt bursdagar, arbeid og scrapping. Den siste tida har det blitt mest kort som de ser. Elles er snart den yngste i huset 18 år og myndig. "Ja, ja sånn går no dagan" .
Vi feira nyttårsafta på Svarstad i år. Stine og Solveig var i Flor. Vi åt som vanleg ribbe til mat, etter at sauene hadde fått sin posjon nyttårsmat. Vi var 12 stykker til bords. Eit livleg måltid til tider. Det vart lane timar fram til midtnatt, så morfaren måtte skyte opp nokre "gamle" små rakettar. Teodor synest det var moro fram til smella kom, då kom han inn. Kasper som var stolt som ein hane. "Æg ækje redde" og Johannes synest det var stas. Brått var klokka nytt år og Espen spretta champagnen. Vi seier GODT NYTT ÅR. Festen tok brått slutt for Teodor som endeleg fekk legge seg.