måndag 22. november 2010

NY BLOGG

Har no bestemt meg føre å ha ein eigen kortblogg. Det blir del inn i ulike tema. Det tek si tid å flytte over så inntil vidare ligg det julekort, vinflasketags,dåpskort og velkommen til verda kort.
Du finn bloggen her

søndag 21. november 2010

Vintercamping

Vi tok oss ein tur til Sandane for å sjekke hus og vogn. Det var rimeleg kaldt når vi kom(-9). TB hadde sett på varmen så det var ikkje ishus. Etter kvart vart det godt å sitje innomhus og kose seg med tv og godt drikke. Det var stille på plassen, på nordsida var det lys i 4 vogner. Laurdag var det berre lys i to. På Sørsida var det nokre hardbarka vintercamparar og. Det vart litt handlings på Sandane, samt at sykkelen var ferdig reparert. Den vart trygt plassert innomhus til våren kjem.Laurdagen var roleg og fin. Rusla meg ein tur ikledd ull og varmedress og tok ein del bileter med lommekameraet mitt. Elels vart det ei skikkeleg strikke helg.(på meg altså)

Ventar på våren

Rim i busk og trær


Klar til action
Vinkjøling på gang


Så sa det pang.

Etter eit møte på Sandane kom eg ut på parkeringsplassen til Stadped vest. Der hadde ei uheldig dame rygga på meg. Ho tok på seg all skuld, og saka er under arbeid hjå forsikringsselskapa. Men sånn ser bilen ut til vi får klarsignal til å fikse den.

laurdag 6. november 2010

Haustmodus

Det har vore travle dagar sidan sist blogginnlegg. Politiske møter, arbeidsmøter, kurs, justering av heimen og ikkje minst Sirkus Bremanger som var sist helg. Må berre beklage til alle dykk som ikkje fekk delta. Eg spelte i ein sketsj frå legekontoret på Hauge. Skulle sjeke om eg var gravid men kom aldri inn til legen, så eg får leve i uvissa. Det er forresten lite som tyder på det. Inn i mellom fekk vi laga ca 140 lefser i husflidstova som skal selgast på messa. Vi var mange som deltok så det gjekk bra fort. Så tok eg endeleg meg tid til å sy nye gardiner i stova og fått dei opp. Neste prosjekt er å kaste ut steinalderkaminen. Den er rimeleg tung så må planlegge "utkastinga"nøye. Får satse på demontering. Deretter må brannmuren malast, taklister opp og ikkje minst henge på plass bildene.Alt som ikkje er blitt gjort til 1 des, får vente til nyåret. Desember skal "nytast" på andre måtar.
Det går på fram. Kjekt å få opp gardinene så ein slepp å høyre klangen av si eiga stemme.

Etiketter