Vi fekk sjå mange flotte byggverk både i gamle og nyebyen av Riga. Eit av desse var den ortodokse katedralen(fullført i 1884). Eg var faktisk inne to gonger. Det var ei fasinerande oppleving og steming med levande lys, krossing, kyssing av bilete, lukt og ulike mennesker. Det var ubegripeleg stille. Det var diverre ikkje lov å ta bilete inne i katedralen, desse måtte kjøpast i butikken som var ved inngangen. Ute sat tiggarane time for time og dag etter dag. Eg la merke til ei gamal dame som sat der kvar dag eg gjekk forbi. Siste dagen samla eg saman alle småpengane eg hadde, og gav ho. Ho lyste som ei sol. Det var omlag 3 lat som tilsvarer 30 norske kroner. Pensjonen er ca 950 kr i månaden. 90 % av dette går til buutgifter, straum og gass. Då vart sikkert 30 kr mykje for ho.
