Viser innlegg med etiketten FERIEN 2008. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten FERIEN 2008. Vis alle innlegg

onsdag 23. juli 2008

Heimreisa

Etter Norrköping var det på tide å sjå seg heimover. Men først var det ein obligatorisk stogg i Lidköping. Det er ein fin campingplass, så her vart vi verande i to dagar. Dersom de lurer på om vi var hjå Husvagn Svensson, så er svaret ja. Det vart ikkje dei store kjøpa, men det er kjekt å "sjå". Vi køyrde vidare og skulle passere Svinesund.Det gjorde vi saman med omlag 10 000 andre,dei skulle og på Nordby kjøpesenter slik som oss. Heldigvis var det parkeringsvakter som fekk losa oss på plass. Etter to timars handel var neste mål Hønefoss.Vi hadde tenkt å overnatte på Onsakervika Camping. Det var ein stor skuffelse. For det første fann vi ikkje resepsjon, og for det andre så var det så vått der at grillane var på vandring.Vi forsvann fort til neste som var Elvenga Camping.Det er greit at det kan regne, men det som kom frå himmlen når vi skulle setje frå oss vognene var ein foss.Blaute som nokre kråker fekk vi på varme, og tørre kle.Dagen etter vart det varmare og varmare dess nærmare vi kom heimfylket. I Lærdal var det 23 grader. Endeleg kom vi fram til Gloppen Camping,og kunne rygge vognene på plass. Etter at vi fekk tørka markise og veggar,sette vi opp storeteltet. Så tok vi oss ein tur heim,og sjekka post og ungdomane våre.
Elvenga camping
Plass 34/ Gloppen Camping
Om kvelden fekk vi sjå eit kjend motiv.

Her er vi igjen

Det vart ikkje oppdatering kvar dag nei.Høgrearmen min toler ikkje data kvar dag, den er enno ikkje særleg mykje betre. No er vi heime i Svelgen, for å komme meg til legen igjen.

Vi var ei veke i Ørebro før vi reiste vidare til Norrköping og Kolmården.Her fekk vi plass utan "el", men det fekk gå for ei natt. Vi fekk noko dårleg tid i dyreparken, sidan vi "drøla"om morgonen før vi kom oss av garde.Men noko fekk vi no sjå. Det var utrueg dårleg merka så vi gjekk i ring? og leita etter Marine World, og der delfinshowet skulle vere. Vi lukkast til slutt, dei 45 min vi stod i kø gjekk fort etter all leitinga. Sidan det var siste show for dagen var det rikeleg med folk.Då var vi glad vi stod rimeleg langt framme. Når dørene opna seg var det som ein bisverm, der ungar hang som ein strikk etter foreldra for ikkje å komme vekk frå kvarande.Her var det om å gjere å finne den beste plassen. Vi var nøgde med våre, midt på er "konge". Godt å ha store airbagar og armslag i slike høve.Det var eit fint show, men diverre var det noko mørkt inne. (her skulle det tydlegvis selgast cd etterpå?)Av alle ting så hadde eg gløymt Canon apparatet, men K850i fekk halde.Eg tok mest film frå showet, den driv eg å redigerer så den kjem seinare.Elles legg eg ut nokre bilde av dyr som passar mitt lynne. First Camp Kolmården

First Camp Kolmården


onsdag 16. juli 2008

Dagstur til Stockholm

Hej. Måndag var vi oppe før dei fleste på campingen, og tok toget til Stockholm. Det tok i underkant av to timar. Veret var bra, så det vart ein fin tur. Espen, Aud Mait og Torbjørn "åka sånn hopp på guidebuss rundt i stan". Vi hoppa av ved Wasa museet og Grøna Lund,elles såg vi dei fleste serverdigheitane.

Vi ventar på toget
Riksdagen
Turisten

Wasa museet
Wasa skipet

søndag 13. juli 2008

Sjamping i "Sverjeland"

Det vart ei stund før det kom nokre ord frå oss i Ørebro. For å seie det kort så må dette vere den dyraste nettleiga pr time "synnja" for Stadt. 40 kr pr time eller 180 kr for 12 timar er HEAVY. Men det er effektiv tid så det blir berre kort inn å lese lokalavisene og epost.
Vi har det bra, det er varmt men litt vind før idag. I går hadde vi eit lyn og tordenver som kunne skremme fanden på flat mark.Det gjekk heldigvis bra.Idag har vi feira bursdag sidan mor i heimen vart 100-52 år. TAKK FOR ALLE HELSINGAR PÅ SMS!!!I morgon reiser vi på dagstur med tog til Stockholm før fuglane står opp. Det tek omlag 2 timar herifrå. Elles veit vi ikkje kor tid vi reiser heim eller kva veg vi tek. HA DET FINT ALLE SOM ER INNOM Å LES!!
Her kosar både folk og dyr seg.
FRILEIK
Her køyrer vi safe med to TOM TOMàr
Torbjørn sin leir
Gutta har utstyr ser de(GRILLAR ALTSÅ!!) No er det egg og bacon.

Etiketter