Trekansambandet
onsdag 29. juli 2009
Då var vi tilbake i heimfylke.
Dagen starta med eit regnver av voksen storleik. Dette var den store køyre tunellar dagen. Berre på strekninga Bergen - Voss nærma vi oss 50. Vi hadde ein lang køyredag og enda opp i Sogndal og kjørnes Camping. Eg sjønar godt at denne plassen har 4 stjerner og er på vår topp 5 liste denne sommaren.
tysdag 28. juli 2009
Ny dag, nytt fylke
Idag har vi køyrd frå Flekkefjord til Haugesund på Nordsjøvegen.Det vil sei at vi fekk sjå hav store delar av turen, Frå å telje bedehus på Sørlandet kom vi til Jæren og antal kyr og steingardar.

Frå veien , vest for Åna Sira, såg vi denne steinfyllingsdammen. den var 100m høg,
Helleren i Jøssingfjorden var buplass i steinalderen. 100 m lang, 15 m djup og 30 m under taket.Spor etter fleire, men desse to husa er intakt.
Stigninga opp frå Jøssingfjorden, opp der skal vi.
Nesten oppe med utsikten.
Utsikten vestover Jøssingfjorden. Det var her det tyske hjelpfartyet Altmark vart borda av britisk jagar i 1940.
Ferjeoverfarten Mortavika- Arsvågen. Her går gassferjer. I fylgje Tom tom med ein fart på 33 km/t.

Så kom vi til Haugesund

Vi enda opp på Grindafjord camping http://www.grindafjord.no/. Denne plassen vart kåra til årets Topp camp i 2008.

Vi nærmar oss Hordaland og så Sogn og Fjordane etter snart 3 veker på hjul i sardinboksen vår.
Kor vi ligg i mårå kveld?, vi veit men ikkje de. Endå. Vi bloggast!
måndag 27. juli 2009
No har vi runda Norge. Vi hadde ein lang stopp på Sørlandssenteret som er blitt enormt stort sidan sist vi var her.Vi køyrde ein tur Farsund og til Lista fyr. Til slutt enda vi opp i Flekkefjord og Egenes Camping. http://www.egenescamping.no/nb/node/76. No i kveld regnar det trollkjerringar til tusen. Vi set trygt og godt inne i campingvogna, og synest synd i dei som ligg i telt. I mårå blir det nytt reisebrev.
søndag 26. juli 2009
Framleis i Risør
Idag skulle vi egentleg køyre vidare langs kysten mot Kristiansand. Men ein fin soldag med blå himmel(jfr. bileta) kastar vi ikkje vekk med å køyre. Så vi vart liggande i kvar vår solstol og lese husmorporno og krim. Ut på kvelden tok vi oss ein tur for å sjå på ei merka serverdigheit ca 5 km frå campingplassen.For å finne Jettegrytene måtte vi gå gjennom skog og kratt og ut på flotte svaberg. Ein fin tur.Espen seier vi er eit radarpar på tur. HAHA . No har vi derimot rigga ned markisa, og set kursen mot Flekkefjord om planane ikkje blir endra nok ein gong. HADI!
Arendal
fredag 24. juli 2009
Sørlandet feriesenter i Risør.
Vi er for tida på Sørlandet feriesenter i Risør. http://www.sorlandet-feriesenter.no/
Vi hadde ein biltur til Risør og Tvedestrand. På heimturen køyrde vi om Lyngør, Vi trudde brått vi var kome heim og på vegen mellom Rugsund og Davik. Denne var berre eit hakk verre, ikkje noko særleg møteplassarI tillegg var dette ein merka sykkelveg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)