Viser innlegg med etiketten Heime. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heime. Vis alle innlegg

torsdag 23. juni 2011

JONSOKAFTA 2011

Som siste åra tok vi turen til Nesbø. Der hadde dei som vanleg laga til rømegraut og masse kaker . Det var berre å pøse på for dei som ikkje blir "mett" før skeia har komt ut av munnen.

Godt kledde vandra vi ned til sjøen for å bivåne båltennninga. Her går ein ikkje for verdens

største bål(kvantitet), men kvalitet. Jammen var vi heldige å vinne på lotteriet og. To fine spisebrikker laga i lappeteknikk. Når vi snakkar og Nesbø og lappeteknikk er det berre ei som kan ha laga det.









tysdag 17. mai 2011

GRATULERER MED DAGEN!!

Den opna noko våt. Det vart masse parplyar i barnetoget.No i skrivande stund skin sol.

Hadde planlagt fotodagen noko i bevisstlaus tilstand. Kamera 1 - skru på- zoome inn: BYTT BATTERIPAKKE.I ei kvinneveske ligg det meste, så der låg neste kamera. Fekk teke 5 bilder før beskjeden kom igjen. BYTT BATTERIPAKKE: Eg gav såleis opp. Firdaposten og Budstikka var på plass, så dei får ta seg av det fotografiske på ein slik dag. No er bunaden bytta ut med onepiece og det er ei hellig stund. Det er ikkje pga av ismengde(for talet er 0 stk idag). Soft is maskina kollapsa på hotellet noko som gav noke sure ungar. OG det er forståeleg. Middagen på hotellet var som vanleg god. Elles var eg deltakar i begge toga. Etter barnetoget besøkte eg tante Liv, vi fekk gode kaker på sjukeheimen. Dagens talar var ein utflytta svelgar, han klarde seg veldig bra. Talen var fin. Folkefesten var musikalsk prega av flinke talent. Skulle gjerne hatt eit bilde av Zumba gjengen, men dei kjem vel i budstikka. Så der var årets 17 mai vel i havn.









onsdag 16. februar 2011

søndag 13. februar 2011

Endeleg på tur igjen

Endeleg tok veirguden til fornuft og gav oss tilbake sola.
I helga var det eit nydeleg veir for oss på solssida. Kaldt var det, men med gode
turklede kom ein seg endeleg ut og opp.
Eg fekk meg eit lite sjokk etter at eg var på MR på Eid der det var konstatert at eg har gått med broten lårhals sidan nyttårsafta. Vondt har det vore , men det kunne vore verre og.
Det har vore nok sitje på rompa tid no. Med broddar både her og der var målet opp skogsvegen så langt eg måtte finne det forsvarleg. Det ville vere katastrofe om eg datt. Det gjekk strålande. Eg tok ikkje sjansen anna enn enden på begge skogsvegane. Opp til Fossekleiva var det tungt å gå. Men skal ein vere streten, så får ein berre slite med det. Godt nøgde. Det skal endeleg gå på fram.


torsdag 6. januar 2011

GODT NYTTÅR


VI SKÅLAR FOR DET GAMLE ÅRET SOM SNART ER OMME


Så kom kvelden og ungdomen måtte styre seg sjølv heime
Eg datt så lang eg var nede i veien, sjå spor i snøen på nedeste bilde til venstre(hehe)
Eg vart rekvirert til Storstova i Førde, møtte på AMK og måtte vente , for først skulle ei spørje om det, så kom det ein ung spirrevipp for å spørje om det. Ei ny dame kom for å vise meg gangen eg skulle gå for å finne rønken. Der kom det jaggu meg endå ei som skulle vise meg døra inn i rønkenrommet, Jaudå endeleg kunne eg slenge reva oppå benken og få eit svar. MEN ho kunne sjølvsagt ikke seie noko, du skal gå bort der. Nytt venterom og nye folk. Men der kom jammen ein kjenning (han spirevippen). Han kunne endeleg slå fast at det ikkje var funn av brot/HURRA. Undersøkinga på benken var ei liding på grunn av rørslehemminga. Men versegod her får du ein resept på tabelettar. Jaudå apooteka er sikkert ope nyttårsafta kl 23.45 i Førde. NOT. Eg hadde ein mistanke om at det låg nokre slike i skapet mitt heime, så eg gav blaffen og ville heim. Klokka 0000 var det sånn nåke lunde ver og rakettane tok til å skralle i Førde by. Vi fekk med nokre smell i Naustdal og. Det dabba av etter kvart. Det var sånn små putring i Eikefjorden. Veret var elendig og det var dårleg sikt. Men Espen fekk oss trygt heim, då var klokka 0110.Så vi slappa av og fekk smake på champagneslompen som var att og gjekk å la oss. Slik vart Nyttårsafta 2010.
Takk og lov for at vi hadde krykker i hus. Det er flittig brukt på dei første dagane i januar.
Får håpe det går fort framover, eg er ikkje fødd til å sitje i ro.

søndag 19. desember 2010

Det går mot julehelg.

Her var det jammen meg ikkje mykje nytt spennade lesnad. Adventstida har vore travel og gått altfor fort. Vi har fått baka dei sortane vi bryr oss om. julegåven er handla og snart komt til rette eigarar. Brått kom det ei lita prinsesse til i familien då Jan Hugo og Annette slo til med ei jente etter 3 gutar.Så må ile og kjøpe ei julegåve til. På fredag reiste eg til Måløy og besøkte tante Jenny som var 94 år på Kulatoppen.Noko redusert men verkeeg glad for besøket, medan eg fekk god samvit for endeleg å teke til vet med å besøke ho. Vi er no inne i siste veka før jul. Stine er komen heim, medan Thor Kristian kjem vesle julafta. Då bestefaren er nko redusert grunna beinbrotet blir vi i Svelgen. Kor vi kan ete veit vi ikkje enno. Det er fint med snø men lite praktisk å få mannjen opp i huset vårt. Vi sende gode tankar til vener, slekt og andre som les dette om ei fredeleg og god jul. Ta vare på kvarandre!.

Vi sender fylgjande bilethelsing:

laurdag 6. november 2010

Haustmodus

Det har vore travle dagar sidan sist blogginnlegg. Politiske møter, arbeidsmøter, kurs, justering av heimen og ikkje minst Sirkus Bremanger som var sist helg. Må berre beklage til alle dykk som ikkje fekk delta. Eg spelte i ein sketsj frå legekontoret på Hauge. Skulle sjeke om eg var gravid men kom aldri inn til legen, så eg får leve i uvissa. Det er forresten lite som tyder på det. Inn i mellom fekk vi laga ca 140 lefser i husflidstova som skal selgast på messa. Vi var mange som deltok så det gjekk bra fort. Så tok eg endeleg meg tid til å sy nye gardiner i stova og fått dei opp. Neste prosjekt er å kaste ut steinalderkaminen. Den er rimeleg tung så må planlegge "utkastinga"nøye. Får satse på demontering. Deretter må brannmuren malast, taklister opp og ikkje minst henge på plass bildene.Alt som ikkje er blitt gjort til 1 des, får vente til nyåret. Desember skal "nytast" på andre måtar.
Det går på fram. Kjekt å få opp gardinene så ein slepp å høyre klangen av si eiga stemme.

onsdag 11. august 2010

Tur til Ivervann

Turen idag gjekk til Ivervann. regnet kom når vi kom nedatt på hovudvegen. Då opna himmel sine sluser seg i tillegg til lyn og torden. Har fått med eit dyr tilbake som set seg på kroppen og kleda. Den flyg unna som eit spøkelse. Slår og slår på det, men den hoppar, og er framleis i live. Ka hon er dette? ekkelt Hoppe eller flygemaur kanskje.

50 armhevingar (minst)før vi gjekk nedatt










tysdag 10. august 2010

Sandseggja


Ein fin kveldstur på Sandseggja. Fin temperatur.

laurdag 5. juni 2010

Vårens vakraste eventyr

Idag sykla eg og Espen saman med 35 andre Bremanger Rundt. ca 110 km(frå huset vårt)
Vi sykla opp frå Svelgen kl 910, rast på Rasteplassen oppi dalen og Isane. Vidare til Davik i ein lei motavind. Vi sykla vidare til Gløføykje og åt betasuppe og rundstykker der. Det gjekk styggfort ned den undersjøiske tunellen, men gu hjelpe meg for eit slit opp. Motavinden heldt oss med selskap ut til Oldeide og opp bakkane der. Det gjekk likevel fint opp (men steikje kor lange den eigentleg er )til ein ny rast i vakre konsdalen. No kom eg på kjende trakter medan vi sykla langs dalevatnet og forbi vakre Svartstad. Ny rast i Struen, så var det straka vegen til Smørhamn. Då var det godt å gå av sykklen og sitje og kose seg i sola på dekk. Det gjekk mot slutten, det var godt å svinge inn til Svelgen Hotell for eit godt pizzamåltid. No hadde det vore fristande å hengt syklane på bilen, men akk. På an igjen dei 2 siste km. Vel heime litt slitne i låra og reva, men det kunne vore verre. Ein fin tur som freistar til gjentaking. Sjå elles fine bileter frå turen i Firdaposten her:http://www.firdaposten.no/bildesamlingar/article5146646.ece
1 rast oppe i dalen

PÅ Davik

PÅ Gloføykje, Vakre Hornelen i bakgrunnen
Vi ventar på ferja i Smørhavn

Tilbake i Svelgen 10 timar etter start. Det smakte med mat og drykk for alle.
Takk for turen til alle.

måndag 17. mai 2010

HIPP HURRA FOR 17.MAI

GRATULERER MED DAGEN!

Det vart observert flagg og folk på Sandseggja. Bildet er teke frå Svelgen Skule utan stativ.
Vi kosar oss på kafe både store og små

søndag 21. februar 2010

Første benk igjen.



Det nye Grindabygget på Velteplassen (uteplassen til Svelgen Oppvekst) tek form.

Utsikt ut Gulenfjorden frå 1.benk

søndag 10. januar 2010

Ein ny flott dag langs Risevatnet

Vi måtte berre prøve på nytt med preparerte ski. Idag hadde eg ekstraski i bilen i tilfelle eg fekk samme problem som i går. Eg var rask å bytte, det var betre gli men hjelpe meg så bakglatte. Alltid skal det liksom vere noko. Heldigvis hadde eg noko blå smurning, og då vart det "litt"betre. Men idag var det eg som måtte gå fiskebein opp bakkane. No har vi og forstått reglane ang spora. Innover går vi til høgre og utover til venstre. Slik unngår vi krasj og fall. Idag var det mange flinke barn som gjekk langt. Nokre kosa seg med kakao og mat langs stien. Nokre var i konkuransemodus, og trena til birkebeinarrennet. Dei susa forbi oss i fleire vender. Sidan det var Espen som var fotogen i går var det best å få underteikna sin fabelaktiske skistil på trykk idag.

Etiketter