søndag 26. august 2007

Årets siste bad i bassenget


Frida og Gina var dei heldige som fekk avslutte badesesongen i badebassenget på Gloppen Camping. I kveld blir varmen skrudd av, og om nokre dagar blir det tom for vatn. SÅ dett var dett. Velkommen attende i år 2008

Straumframkalling


Kristoffer prøver å halde familien med straum i campingvogna. Enno ser det moro ut, men når hausten kjem vil det vel bli eit hardt arbeid. Dei små føtene produserer vel ikkje akkurat 4 GWH

tysdag 21. august 2007

Sykkelutstyret i orden


På den varmaste dagen i august måtte Espen ut å prøve det "nyaste "sykkelutstyret sitt. Jau då, i eit pølseskinn av ei bukse med god polstring der sola ikkje skin og nesten råe hanskar. Med sekken full av vatn, slit han seg i skrivande stund opp til rasteplassen oppe i dalen. Men elles er vi to "gamlingane" heime her aleine etter at ungane er reist tilbake til sine skulestadar( Sandane og Sogndal). Eg tok imot 17 spente 1 klassingar i går. Og det gjekk no bra. Det skal bli eit spennande år. Framover no blir det mykje valkamp, MEN eg skal ikkje plage dykk med det her inne. Men lyttar gjerne.

søndag 12. august 2007

Sommarferien går mot slutten

Jau då vi er oppegåande.Men det blir lite fotosession for tida. Miriam (jenta til Thor Kristian er reist tilbake til Stavern,medan Ronja frå Hvaler (venninna til Stine) er her enno.Espen den spreke, er nett i Risevatnet, har allereie arbeidd i 2 veker. Sjølv har eg arbeidd med førebuing til skulestarten.Denne veka var eg på Eid på mattekurs(LAMIS). Neste veke er det planleggingsveke saman med dei andre lærarane på skulen. Det blir ei spennande tid framover,men både barn og foreldre er vel like spente som eg. Stine skal tilbake til Sandane og danse seg gjennom eit år til. Ho er allereie flytta inn i ny hybel midt i sentrum. Thor Kristian reiser snart tilbake til Sogndal og skal studere Samfunnsfag. Elles blir det vel ein del fotballdømming framover hausten. Er jo blitt DEN Stjerna etter Norway Cup.Går rundt og sprader i gulltrøya med finaledømmar 2007 på ryggen. Nei no kallar "hushjelppliktene" ser det ut til. Vi snakkast til helga på Sandanedagane når eg er ferdig med valkampen i Kalvåg.

søndag 5. august 2007

Thor Kristian sin spennande dag på Norway Cup


Det vart ein spennande dag i går laurdag 4 aug kl 1700, då vi benka oss kring tv og fekk sjå sonen vår på TV. Korleis det gjekk kan de lese her:(frå svelgen.no)


Kjempeinnsats av Thor Kristian på Norway Cup 05.08.2007
Thor Kristian Sortevik frå Svelgen TIF var utteken som einaste dommar frå Sogn og Fjordane på NFF sitt talentdommarkurs på Norway Cup. Sortevik gjorde ein så god innsats at han vart utteken til å dømme finalen i gutar 16 år, mellom Kvik Halden og Pequeninos do Jockey. I den TV-sendte finalen fekk Sortevik voldsomt med skryt av Ivar Hoff, som ikkje akkurat er kjent for å skyte av nokon. Utan at Svelgen.no skal gå god for å sitere det Hoff sa, var det noko àla at det var den beste dømminga han hadde sett på Norway Cup (om han meinte i 2007 eller nokon gong skal vere uskrive).


No er vi no litt krye då. Bildet syner gullmedaljen han fekk av å dømme finalen , samt medaljen han fekk frå Pequeninos do Jockey. Elles ynskjer vi velkommen til jenta som han hadde med seg.

Feriefolkjet reiser tilbake til Ålebyen på Møre



Som ei god dotter frå gården Svarstad fekk folkjet med seg reisemat på vegen. Vi lagde(les eg)svele som alle kosa seg med før avreise, og litt i nisteboksen vart det og. Sukkerinntaket tok høgde rett før avreise, noko som bildet kan sei litt om men ikkje alt. Brått vart det stillt i Sandeveien 48. Ha ein god tur så snakkast vi snart.

fredag 3. august 2007

Del 3.





Klokka gjekk mot 22.00, og her ser de Petter ta siste rest av vestveggen. Den var seig. Men dermed kjære dykk i Fjalir, no kan de sjå huset frå ulike kantar. DET ER BLITT BRUNT!!!. Vi andre er blitt brune og, men vi kallar det sjølvbruningsfarge.

Prosjekt del 2- MATØKT



"Jau då Jonna vi får mat!". Men det var sånn :kom og hent meg mat, samt pølse med brød. Vi hadde ein god rast men, huset stod no der halvferdig, så på;an igjen sa sjefen. Det er han med skjegg. Det er litt anna arbeidsleiing enn nokre andre vi kjenner.





Framleis første økta



Etter kvart kom dei minste og i gang og svinga kostane slik det høver for sunnmøringar.

Maleprosjekt del 1






Ja så kom veret som var lova, og gjengen fekk fortsetje arbeidet med malinga. Klokka 11.00 starta store og små. Første økta varte i 3 timar. Her ser de " Amish folket" i arbeid.

Bildealbum


Har laga ein boks frå Stine til ei som har bursdag. Ein skikkeleg ungdomsboks som vart bra synest vi. Når ein opnar lokket, sprett albumet opp med plass til 13 bilder. Men det er ikkje klart enno. Boksen er laga av 4 Bazzilark som er 30X 30 cm,klipt og bretta til ei øskje.

torsdag 2. august 2007

Scrapperver



Ja det skulle egentleg vere ei oppdatering av malearbeidet på "Le villabakk" men veret sette ein stoppar for de aktiviteten i dag. Kanskje Vikjafolket har med sola? men eg rakk no å scarppe litt då(he he) Lagde eit kort til tante Ruth i Mo i Rana som blir 80 år neste laurdag. Bileta viser:

1. fram/bakside og 2. midten

NORWAY CUP

Thor Kristian er i Oslobygda. Idag har han ein spennande kamp. berre sjå her:
Kamp nr:119091045
02.08.2007 12:35
London Tigers - SEFA Abidjan
Bane 14
Sortevik, Thor Kristian
Hoveddommer

Dette er reine krigen! Men guten er i live

HAN ER INTERVJUA PÅ NRK; BLIR SENDT PÅ NYHETENE IDAG!!!!!!!!!!!!!!!!!

onsdag 1. august 2007

Maleprosjektet er starta






Så var vi i gang med årets oppdrag frå husvertane. Det var opphald nokre timar i ettermiddag så då sette vi lke godt i gang. Her er av 5 representantar av fam i arbeid. Neste "flokk" kjem i morgon ettermiddag. Husfolkjet skal på " feriekoloni" til Hauglandsenteret, og kjem heim til ferdig mala hus (får vi tru). Når det gjeld fargen får de gjerne kommentere, nokre er sikkert einige med både Espen og Petter. For begge har ulike meiningar.Tove har ikkje sett det endå så ho får uttale seg i mårå. Følge gjerne med på fortsettelsen. Oppdatering kjem kvar kveld til glede for dei som set i Fjaler. God tur til dei. Kos dokke, så får vi gjere det samme.(smilies skulle vore her men ..)

Etiketter