Viser innlegg med etiketten Snikksnakk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Snikksnakk. Vis alle innlegg
søndag 23. januar 2011
søndag 21. november 2010
Så sa det pang.
Etter eit møte på Sandane kom eg ut på parkeringsplassen til Stadped vest. Der hadde ei uheldig dame rygga på meg. Ho tok på seg all skuld, og saka er under arbeid hjå forsikringsselskapa. Men sånn ser bilen ut til vi får klarsignal til å fikse den.
laurdag 6. november 2010
Haustmodus
Det har vore travle dagar sidan sist blogginnlegg. Politiske møter, arbeidsmøter, kurs, justering av heimen og ikkje minst Sirkus Bremanger som var sist helg. Må berre beklage til alle dykk som ikkje fekk delta. Eg spelte i ein sketsj frå legekontoret på Hauge. Skulle sjeke om eg var gravid men kom aldri inn til legen, så eg får leve i uvissa. Det er forresten lite som tyder på det. Inn i mellom fekk vi laga ca 140 lefser i husflidstova som skal selgast på messa. Vi var mange som deltok så det gjekk bra fort. Så tok eg endeleg meg tid til å sy nye gardiner i stova og fått dei opp. Neste prosjekt er å kaste ut steinalderkaminen. Den er rimeleg tung så må planlegge "utkastinga"nøye. Får satse på demontering. Deretter må brannmuren malast, taklister opp og ikkje minst henge på plass bildene.Alt som ikkje er blitt gjort til 1 des, får vente til nyåret. Desember skal "nytast" på andre måtar.
Det går på fram. Kjekt å få opp gardinene så ein slepp å høyre klangen av si eiga stemme.
tysdag 28. september 2010
tysdag 31. august 2010
onsdag 4. august 2010
Fisketur på Breimsvatnet
Det vart ikkje rare fangsten, for Espen fekk ein fisk. Den er no grilla og eten opp. Vi får prøve igjen!
fredag 16. april 2010
onsdag 7. april 2010
Grunnarbeid
måndag 8. februar 2010
Litt ymse
Det er ikkje det at det er lite å skrive om, men dagane fyk.Sidan sist har Espen vore i Korea,det kjem nokre bileter frå den turen snart. Han er no komen inn i dagsryma igjen. Forrige helg var vi i Bergen. Det vart ein "kort" stogg på Ikea som vanleg. Vi inlosjerte oss på vårt vanleg hotell. Laurdag vart det gode høve for handlings.Dagens høgdepunkt vart likevel showet til Marit Voldsæter. Den dama er ikkje sann, er balsam for sjela og får skrotten i godt humør. Når vi kom ut var det full snøstorm så det vart å setje seg på hotellrommet og nyte.........Søndag var det heldigvis eit strålande "køyreheimver".
Elles er vi vel ein smule lei snøen som ser ut til å pine oss lenge . På laurdag baska vi oss oppetter skogsvegen for å nyte sola, vi kom oss på 1 benk. Nedover gjekk det fort på glatte fjellsko.
Har fått laga nokre kort i det siste. Nokre er bestillingskort som eg vel å ikkje legge ut her, nokre andre kan de få sjå.
No er glasfiberhuset vårt til sjampingvogna vårt no produsert og sett på lager. Skal berre bli kvitt denne forb.... snøen og setje i gang å bygge ny ramme m.m. Så kjem vel huset opp ein gong når våren kjem.
Ha ei fin veke.
solgt

tysdag 22. desember 2009
No er adventskalendaren SNART tom
Ja no er det like før jula ringer inn. Det gjenstår litt men ikkje meir enn overkommeleg. På søndag var vi på vår årlege syskjentreff for å bytte julegåver i Bremanger. Det var bitande kaldt på gravplassen og mykje snø. Kven hadde tenkt på spade? ikkje vi i alle fall. Ned på kne for å koste vekk. Det var tele i jorda så kransar og kristorn ligg på lykke og fromme. Vi fekk ikkje streng nedi der nei. Kjem det ie vindkule fyk vel det meste på "sjyn". Huset på Svarstad går på sakte fram, det gjenstår mykje men framover går det.
Vakre Dalen i vinterdrakt

onsdag 26. august 2009
Barndomsheimen min
laurdag 22. august 2009
Kalvåghelg og Valkampopning.
Valet nærmar seg med stormskritt anten ein bryr seg eller ikkje.Denne helga hadde vi valkampopning saman med Vågsøy og Flora Ap. Eg og Espen leigde Nødsetbua heile helga. Det var stille og roleg, noko som vi set pris på.Det er uturleg god mat på Knutholmen og god service av Fossen. Laurdag smaka vi på havets festbord som dei er kjende for. Det var ein del folk denne kvelden.
måndag 8. juni 2009
Vi er oppegåande mennesker
Hei og hå. Fann ut at det var på tide med ei oppdatering slik at vener, slekt og andre kan få noko å gjere på. Den siste veke gjekk fort. Eg reiste på sjukehuset i Førde på måndag og vart operert på onsdag. Kom meg fort, og fekk reise heim allereie på laurdags morgen. Det var godt å komme ut i frisk luft og få sove om natta. Eg låg på 4 kvinns rom heile tida.Det er mange rare lydar som kjem om natta frå både, huset, nabosengane, sjukepleiarar som snik kring om natta med lommelyktene sine og sikkert meg sjølv. Eg vaknar berre nokon snur seg i senga, men sov i ro var godt å ha. Så er det varmen på ditta huset då, som kan ta livet av ein stakkar som ligg nyoperert.Eg fekk dessutan besøk av Espen på Torsdagsmorgen etter at han var blitt sjekka inn 2 etasjer over. Alt står bra til men han, og fekk reiste heim allereie fredag ettermiddag.Men hosten og tungpusten er langt frå vekk. Eg seier ikkje meir.
Elles kan eg seie at eksamen gjekk bra, og eg slepp å blåse meg opp og klage. Karakteren vart A på begge frå Svelgen. Idag kom det blomar frå administrasjonen og det var hyggjeleg.
TIL BENTE: Takk for den flotte oppsatsen som kom, berre så synd at den datt i golvet og knekte seg. Den fekk mykje merksemd for den var så fin. MEN akk og ve, eg er nesten skjemd av å sei at eg gløymde å ta bilete av den , SORRY!
TIL HELEN: Takk for besøka på sjukehuset.
Vi snakkast!
No skal eg berre komme til hektene

torsdag 16. april 2009
torsdag 9. april 2009
Påskeferie
Då var alle på plass i heimen, og vi kosar oss med påskeferie alle. Det blir litt meir enn hybelmat for å styrkje studentane sin energi resten av skuleåret.Så i går laga eg ei stor panne med komle.Det kom godt med for inn døra kom Annette med famile minus den største bukkene bruse. Om kvelden lokka Stine meg med på spinning.Jau eg holdt trøandeut i 50 min ,før uttøyingane. Det var ikkje så verst med tanke på alderen og kondisen for tida.Trudde komlene hadde komt opp ei stund, men seig fint ned igjen.
Elles ligg skodda tjukk nedetter fjellsidene idag, så er det med godt samvit at ein finn pc og skriv nokre ord til eksamensoppgåva. Rett nok med pauseinnslag der ein er innom scrapping.no, facebook og nyhendesidene. Har tenkt å lage nokre kort, og fortsetje arbeidet med Londonalbumet.
YNSKJER ALLE EI FIN PÅSKE. PÅSKEHAREN KJEM TIL ALLE SOM HAR VORE SNILLE.

måndag 9. februar 2009
Cabaret på Sandane
Hallo. Det tok si tid før det vart nokre ord frå oss. Det har vore ei travel veke. Sidan sist har eg t.d avvikla 3 årsmøter. I helga var vi på Skei Hotell. Det var det rimeleg kaldt. Det meste var frose i bilen når vi skulle heim. Til og med våtserviettane i hanskerommet.Men ned jølstarvatnet tina det meste opp i det flotte solskinnet.
Det har blitt lite kortlaging. Ein må no arbeide litt her i livet og. På søndag var vi på Sandane på Cabaret. Firda Tidende skryt av forestillinga : http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=5366
JA OG DEI VAR VERKELEG FLINKE!!! Dei som ikkje fekk sjå dette, er ei kulturell oppleving fattigare. Det var diverre ikkje lov å filme eller ta bilde med blitz, så eg måtte "låne" nokre bilder som var noko små ser eg.
Stine deltok som dansar.
Fotoeigar: Hans Fredrik Bjarkøy
Det har blitt lite kortlaging. Ein må no arbeide litt her i livet og. På søndag var vi på Sandane på Cabaret. Firda Tidende skryt av forestillinga : http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=5366
JA OG DEI VAR VERKELEG FLINKE!!! Dei som ikkje fekk sjå dette, er ei kulturell oppleving fattigare. Det var diverre ikkje lov å filme eller ta bilde med blitz, så eg måtte "låne" nokre bilder som var noko små ser eg.
Stine deltok som dansar.Fotoeigar: Hans Fredrik Bjarkøy
tysdag 6. januar 2009
Ja, sånn gån no daga,n
Året starta så fint med snø og kulde, men så kom regnet og øydela den idyllen. Som dei fleste no veit var eg operert ved Haraldsplass 2.des. Det gjekk bra lenge men så....Såret måtte reviderast 17 des i Førde, og sidan er det blitt stelt kvar dag hjå heimesjukepleien. Det er no ca 5 cm djupt, og rett før vi kan sjå ryddraden spør du meg. Men det lyt berre få ta den tida det treng, sjølv om det går seint. Eg er ikkje fødd med 100% tolmod heller. I morgon prøver eg meg på jobb, så får vi sjå kor det går. Det blir å gå for halv maskin framover, om eg klarer det. Men har vel ikkje noko val.
I går var eg på kontroll i Florø med hyggjelege dr. Nybø. Den mannen må snart ha arbeidd i 100 år. Eg hadde med to damer som hadde pengar som gjekk ut på dato sånn cirka idag. Det gjekk unna på Fargeklatten, så den dama var fornøgd og kan sikkert trygt stenge butikken fram til påske. Hihi. Elles vart det berre sånn småplukking her og der i andre butikkar. Eg fekk meg ein støkk når eg skulle låse opp bilen utanfor Spar. Eg hadde plutseleg to sett med bilnøklar. Den eine var til X trailen min, men den andre til ein W bil av ein eller annan slag kjende eg ikkje. Eg fatta ikkje kor den kunne havne i min lomme.Haude mitt var fullstendig ute av fatning i omlag 10 min. Eg følte meg like forvirra som Mr. Bean på nyttårssal.Eg er jo ikkje kriminell så politihuset vart neste stopp. Det var ein fin tanke, men trur du der var ope, nei da!!!. Då fekk eg prøve Fargeklatten, men ingen hadde spurt etter nøkkel her. Det stod rett nok ein Passat utanfor, den prøvde vi nøkkelen på men den ville ikkje ha noko med oss å gjere. Enda på visa var at ho dama på Fargeklatten skulle levere nøkkelen på politihuset neste dag.Kor det enda veit eg ikkje. Må nok ringe bort, for eg eg så spøkje nyskjerrig. Kanskje er det finnarlønn? eller må eg til Vik? Tenkjer det er fleire som vart nyskjerrige no?
De får ha ei fin veke, og PASS PÅ BILNØKLANE DYKKAR!!

søndag 10. august 2008
Kalvåg Kystfestival
I helga var vi på Kalvåg kystfestival. Det var eit sydande folke og båtliv.Vi budde på Novelandet i hytta til Varpes. Fredag var eg på Vassendgutane. Det var kjendtfolk over alt og såleis veldig moro. Laurdag var det masse folk i sentrum av Kalvåg. Det var reine Svinesundstemning på butikken. Espen stod i kø med handlevogna, medan vi andre plukka varene. Smart trekk! Om kvelden reiste vi tidleg til Knuteholmen.Der sprang betjeninga som nokre virvelvindar. Frysaren var om lag tom, så menyen var fiskesuppe og calzeone.Det vart eit lett val for all ”ungdomen” som rava ikring der. Vi hadde heldigvis grilla før vi kom. På festivalområdet var det roleg fram til ca 00.00 då entra DDE scena og det vart RAI- RAI i sommarnatta. Det vart veldig mykje rai rai utover til det brått var slutt.Det var ikkje mykje rai rai neste dag, men det kostar vel å feste to dagar på rad, og blir vel fort gløymt.
De finn bilder frå festen her og her.
Elles legg eg ut bilder teke av mobilen av båtlivet teke frå Nødsetbua. Legg merke til panoramabilete, var no litt søtt sidan eg bomma på tredje bilde, men eg er ikkje feilfri, og sikkert ikkje heilt stødig på handa av ein eller anna grunn.

søndag 29. juni 2008
FERIETID
Då er bilen pakka, og vi er snart på veg til Sandane.Vi håpar å få ned teltet tørt og fint.Vi køyrer til Ålesund på Torsdag for service og besøk hos Moafolkjet.Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at senteret får eit "kort"besøk og. Etterpå reiser vi der sola er.Einaste faste booking er Ørebro frå 10.juli.Elles er vi mobile. Det kjem vel nokre oppdateringar når det høver, og vi er på nett.Ha ein fin sommar så lenge.
torsdag 19. juni 2008
Tannlege, fisk og snaps
Dagens gjeremål var å køyre Espen til flyplassen, samt at eg hadde tannlegetime kl 10.00. Det må vere første gang eg ikkje har lagt lenge våken, og sete nervøs på venterommet. Ei hyggjeleg dame til tannlege er ikkje å forakte.Fort og greit inn og ut, berre nokre 100 lappar fattigare. Eksamen i Ikt gjekk VELDIG bra eg passar alltid på å kjøpe ein gåve til meg sjølv etterpå(når ingen andre gjer det, så blir det slik). I år passa det fint med medlemstilbodet på Coop.
Komplett pakke til all slags fiske. Inneholder: 9 fot stang, tupp for pilkestang, stor snelle med sene, sluklåser, jighoder og jighaler for slukfiske, torskehekle og pilk. Sjå her .
På veg heim skreik stanga etter å få prøvast. Så ein tur ned på kaia på Indrehus i lett regn utan den forbaska myggen. Då eg skulle dra ein liten makrell opp, stod det plutseleg ein tyskar der og sa: " ein schøne Makrelen". Jada, eg kom fram til at han kunne få den på min lite imponerande tysk Det var kona einig i. (at dei ville ha fisken altså) Han spurte om det var ein fin fiskeplass og litt meir, eg svara så godt at dei vart verande.Dei henta utstyr i bobilen. OG høyr her. Dei kom tilbake med ein liten pakke. WAS IS DAS? Eine snaps, og jammen låg det ikkje ein lita klunkeflaske. Det var bytte mot makrellen!!PS korken var segla!.Då eg fekk opp ein stor makrell som dei omtala som "Große", fekk dei sjølvsagt den og. No fekk dei stå for fiskinga sjølv for eg vart "müde" og køyrde heim.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)