onsdag 31. desember 2008

Nyttår


VI YNSKJER ALLE EIT RIKTIG GODT NYTTÅR.

laurdag 27. desember 2008

Romjula

Ja, då et vi oss innover i kjøleskapet og nedover i fryseboksen. Det vart ikkje råd å gå på tur heller, med eit sår som ikkje skal ha trekk. Ja ja, men då skal de sjå familien Sortevik sin nissedans. Husk lyd!
http://elfyourself.jibjab.com/view/Hbhn8ELebP6VSHaa

onsdag 24. desember 2008

Jula 2008

Då var vi påan igjen, endå det berre er omlag 6 mnd sidan sist jul.Det er ikkje alt som er gjort av ulike årsaker, men trur ikkje nissen ser det. Eller nissen tek nok høgde for at mor i heimen ikkje har vore 100% arbeidsfør etter operasjonen. Men no er jula komen, og vi er klare til nokre dagar i fred og ro.Ungane er komt heim, og det vart noko meir liv i huset og veldig kjekt.
Som de ser er det Stine som er pyntesjef for juletreet. No er ho så stor at Espen slapp å løfte ho opp for å setje på stjerna i toppen.

MED DETTE YNSKJER VI Å SENDE EI RIKTIG GOD JULEHELSING TIL ALLE SOM ER INNOM BLOGGEN.


















fredag 5. desember 2008

Det går i bad som de veit

Ja, her kjem ei oppdatering sidan nokon spør etter det.Måtte berre få ut røyleggar og elektikar først.Det er "nesten" ferdig. Eit skap som skal opp i samme høgde som dei andre, som de sikkert ser. Så skal det vere handtak på dette og. Det gjenstår noko arbeid nede i samband med varmtvannstanken. Måndag er planen at alt skal vere klart til bruk.Så vi får nok dusja og vaska oss til jul i år og. Ha ein fin helg.








Etiketter