onsdag 21. november 2007

Arbeidslaus-ÆG? Nei

Nei då, ingen som er arbeidslause her i huset. Malearbeid pågår i kjellaren, det er deadline 1.des. Det er knallhard prosjektleiing, så det går etter planen.Det blir heldigvis tid til å gjere "kjekke" ting og som scrapping. Når advent kjem då går det fort folkens! Så her er det best å få unna det som kan gjerast på førehand. ALLE ER SOLGTE


onsdag 14. november 2007

Kaldt?

No, er det blitt så kaldt at dompapen kjem inn på kjøkenet.

Desse skal få bu her til laurdag, men då er dei åregevinst til husflidbasaren saman med 10 andre. Puh endeleg ferdig!


Det går mot jul

sOLGTE
Brunt er ein spesiell julefarge, men flott.

søndag 11. november 2007

Vinterlagringsdagen 2007



Jau så menn. I dag skulle vere dagen då vi skulle få vogna i hus. Men så krangla vêrgudane seg til eit skikkeleg skitver, med regn og tung snø. Espen vurderte vegen opp til Rygg som noko urven. Jau. Stig vi har X- trail men kva hjelpe det i ditta føret. Espen og Torbjørn reiv teltet. Fotoseansen ser de her. Så får vi vone at vêrgudane tenkjer meir på oss uti veka, og let oss få Knaus Royalen opp til Rygg. Så kan vi sitje heime og sleppe og otte oss for regn, storm, tung snø og det som måtte komme. SÅ DET SÅ!!!!!! Positive tankar hjelper på, så ditta går bra.

fredag 9. november 2007

Julekortproduksjon

solgte


Ja, dette er ein god start. Grunna krystallsykja lyt eg ta dette i korte økter, men det ein vil får ein til.

Scrapperier

Ja, så er enno ei veke omme. "Snøven" dukka opp til glede for nokon og irritasjon for andre. Dette viser at campingsesongen før oss sommarfrikarane er omme. Haustekveldane er tid for scrapperier, og eg fann eit brudebilete av mine foreldre som eg ville prøve meg på. Sånn såg brudefolkjet i 1950.

søndag 4. november 2007

Årets domar


Jau då. Thor Kristian fekk i helga stauetten Årets domar. Og vi gratulerer og seier vel fortjent.

Les meir her
(Bildet er frå Stif- sida.)

Bergenhelg


Så var vi komt heim frå ei helg i sus og dus i Bydn. God mat og drikke, og ikkje minst to fantastiske show på Ole Bull og i Grieghallen. Det er berre å ta av seg hatten for denne dama her. Eit fyrverkeri med energi som ein kan misunne ho. Team Ecbo var og ei god oppleving. Så no er vi godt kulturelt metta for ein periode. Dei som ynskjer meir referat "from Børgen" får ta kontakt.

Etiketter