laurdag 24. oktober 2009

Det luktar haust i skogen

Tur til føste benk idag.

fredag 23. oktober 2009

Tur til Alta

Eg reiste til Alta laurdag 18 og heim tysdag 21.10. Det var rart å komme så langt nord med kofferten full av ullkle, hue og varme sko.Temperaturen og veret var som heime, så dei varmaste kleda slapp vi å pakke ut. Ikkje eit snøfnugg over den verharde Finnmarksvidda. Søndag køyrde vi frå Alta til Kautokaino med ein kort tur innom bygda Masi. Vi besøkte Juhl sølvgalleri i Kautokaino, huset og atmosfæren der klarer eg ikkje skildre med ord, den må berre opplevast. Måndag kveld besøkte vi i Alta skiferbrudd.Her fekk alle lage sin vesle runde helle som kan brukast slik det høver.
Finnmarsvidda
Kyrkja i Masi

Juhls sølvgalleri

Kautokaino

Alta skiferanlegg.

tysdag 13. oktober 2009

Sånn går no dagane

No brukar vi energien vår på andre ting å blogge.Men her kjem nokre bilete frå helga då ungane våre var heime samt Petter med familie.
Det er godt å ha solstrålen Johann i tunge dagar. Kan godt bli Lano ungen 2010 med dette blide åsynet.
Alternativ til tv sjåing
Gutta boys køyrer bil

Etiketter