torsdag 31. desember 2009

tysdag 29. desember 2009

Vakkert i ytre

Idag var eg i gravferd i ytre. På veg heim med ferja hadde eg heldigvis tid til å knipse eit bilde mot Kalvåg, himmelen var berre magisk. Veret var flott men det var bitandes kaldt.

fredag 25. desember 2009

Der er jul, det er jul


Ei helsing frå oss i Sandeveien 48. Vi et oss innover i kjøleskapet, og nedover i frysaren. Vi hadde ei fin julaftan, men det var ein plass tom for oss i år. Det er alltid sårt den første jula. Vi er glade for at vi var saman, og hadde det godt. Vi var spente på kven som fekk mandelen i grauten, og det var Tryggve. No er det sånn at marsipangrisen fekk nye eigarar sidan han ikkje kunne ete den. Så Vetle og Elias delte den i to og vips var den historie. Ut på kvelden kom nissen. Johann synest ikkje det var noko særleg, og klamra seg til mamma sitt fang. Ikkje spøk for ein gut på 1 år. Nissen kom med ski til storegutane, og det var stas. Kven som var nisse? Det får du ikkje vete sjølvsagt. Ut på kvelden vart det Lille Willy og skjeileik. Vetle har masse energi som måtte brukast. Hadde vi sett ei lyspære ein viss plass på han, hadde den nok lyst. Espen og Thor Kristian vann quiz konkuransen, og fekk seg smurfedrops.Stine fekk Wii til jul og det vart ein hard kamp mellom små og store i bowling og boksing.Kveld vart til natt for vi gav oss. Ny dag og påan med god julefrukost, og koldtbord med kakebord til slutt. Vi rekk nesten å bli svoltne. Ha fine juledagar de som er innom og kikar!

onsdag 23. desember 2009

Dagen før dagen


AVTALE MED NISSEN ER LURE GREIER!

tysdag 22. desember 2009

I dag er det Pikkelisjelulafta

Ja, så er det dagen før dagen før dagen som vi kallar "pikkelisjejulafta". Vi pleier ikkje pynte juletre før veslejulafta men i mårå kjem Ålesundnissane. Då skal det meste vere klart her i heimen, slik at vi kan ynskje velkommen til vårt julehus. Vi får sjå om nissen kjem, har kontakta Manpower men der var ingen ledige.Må nok trå til sjølv er eg redd, men ikkje sei det til nokon.
Som vanleg er det Stine som set stjerna på toppen på juletreet. Det vart gjort eit hederleg forsøk på at mora skulle løfte opp den store "veslejenta". Men i fare for å velte treet, meg sjølv og veslejenta som er stor, gav vi opp. Pappabjørnen Espen kom og sjerna kom på plass utan uhell av noko slag. Dersom vi ikkje ser deg innom her før jul seier vi :
GOD JUL OG GODT NYTTÅR til akkurat deg.

No er adventskalendaren SNART tom

Ja no er det like før jula ringer inn. Det gjenstår litt men ikkje meir enn overkommeleg. På søndag var vi på vår årlege syskjentreff for å bytte julegåver i Bremanger. Det var bitande kaldt på gravplassen og mykje snø. Kven hadde tenkt på spade? ikkje vi i alle fall. Ned på kne for å koste vekk. Det var tele i jorda så kransar og kristorn ligg på lykke og fromme. Vi fekk ikkje streng nedi der nei. Kjem det ie vindkule fyk vel det meste på "sjyn". Huset på Svarstad går på sakte fram, det gjenstår mykje men framover går det.

Vakre Dalen i vinterdrakt

fredag 18. desember 2009

Det nærmar seg

Julesnøen idag, og det var kjekt. Vi fekk spisestua opp i går heldigvis, så vi slapp å bere i glatt trapp. I morgon blir det siste innspurt på handlefronten, må ein kjapp tur til Florø for å få akkurat "det". Så skal vi i party om kvelden, men det skal gå bra. Opp tidleg og ta den årlege bytejulegåvermedsøsken i Bremanger. Dessutan skal vi pynte med lys og kransar på gravene til foreldra og besteforeldra våre der ute og. Det er berre å finne "ullbrokja" og kle seg godt.

I dag hadde vi vår årlege nissefest der vi sang i sentrum og på Rådhuset. Det gjekk veldig bra, så fekk vi god graut av tre bestemødre når vi kom tilbake til barnehagen. Jammen kom nissen og.

Her er den nye spisestua sidan så mange etterlyser bilete.
STÅ PÅ DEI SÌSTE DAGANE; MEN SLIT DYKK IKKJE UT. Anten får deg roe dykk ned eller ta jula på nyåret.

tysdag 15. desember 2009

Ein ny dag mindre mot jul



Dette var i scrappekalendaren min 11.12.13, 14 og 15 des. Lekre ting!
Ja no luktar det snart jul. Det er berre ni dagar igjen. No er det politisk juleferie , sidan det siste politiske møte i år vart unnagjort idag. Møteveska skal ikkje inn under juletre, men gøymast i eit skap til år 2010. Julebaksten er snart omme for i år og. Må berre lage julemenn/kåner for tredje gang. Borte borte vekk,var dei er har laga. Når Vetle kjem på besøk i jula må boksen vere full igjen. Julegåvene vart handla i eit kaosFørde på laurdag. Kø.kø og atter kø, men vi kom oss heim ein time før julebordet. Det gjenstår berre noko småhandling før vi er nøgde. Vi og vi, han eg bur saman med er lei før vi set oss i bilen på veg til Førde. Er så sytalaust når andre tenkjer ut og ordnar det meste.Å bere inn og ut av bilen er liksom eit lodd her i livet. Elles er verutsiktene mot ei kvit jul gode, og det er berre lekkert!

fredag 11. desember 2009

Englemodus


Tok jammen og laga eit kort etter gamalt. No manglar eg 1 kort på 150 til denne tid i år.

Idag var det juleavslutning for Lions. D.v.s julemat på hotellet. Vi løvedamene var innviterte. Ei koseleg og roleg stund. No er julegåvelista laga, dvs dei eg skal kjøpe til. Det blir å gå med blyant og krysse vekk etter kvart på laurdag. Espen skal vere med å bere posar,og det er no betryggande. Men det er først på laurdag.Først skal vi ha Luciafeiring på jobb. Det er mange spente barn, og ikkje minst foreldre som skal felle ei tåre fordi barna blir så vakre med pappa si kvite skjorte og glitter i håret. Ja, og det er rørande. Vi har masse lussekattar. Eller som ein sa : vi har baka pusselussar idag, eller var det kattelussar. Det er så vanskeleg med "fransk". Vi øver berre på norsk og engelsk og slik blir det ei stund til. men ein veit aldri kva utdanningsdepartemenetet finn ut.

Nei no er det tid for å finne agneS og lese nokre strofer med husmorp...før nasa dett i boka.

Ha ei fin Luciadag.

torsdag 10. desember 2009

10. desember

Då er vi godt i gang med advent og det som høyrer med. Likar ikkje all møteverksemd denne månaden. Har liksom ikkje meir tid enn ein treng til andre ting. Det er kome kake i ein del boksar, men julegåveinnkjøpet er på sviktande grunn. Her må det shoppast til helga er meininga. Laurdag skal vi og på julebord, men først skal Lions ha juleavslutning med julemat. Så er dte jammen meg påan igjen måndag med ny runde.Varmmat er ikkje noko eg ropar hurra for, men får ta det med små rørsler og nytte tida. Elles er det like spennande å opne scrappekalendaren min. Det er stor variasjon og det er flott.
Eg har seinvakt denne veka og då blir det ikkje noko skogsvegtur, men tek nokre kveldar med spinning. Kanskje blir det ny oppdatering etter juleavslutningar her og der, luciafeiring, gudsteneste, nissefest, kommunestyremøte, medlemsmøte, vasking, rydding og pynting, julegåveinnkjøp, besøk, baking. Men det blir ikkje i mårå!. Ha framleis god adventstid.

søndag 6. desember 2009

5.desember

Det skulle vere ein skikkeleg bakedag idag. Det vart ein noko sein frukost, så eg satsa på ein fjelltur før bakinga. Nesten oppe ved andre benk(ca 100m) vart det rimeleg glatt. Eg hadde berre joggesko, rett nok gode, men ikkje til dette føret. Det vart i tillegg opplyst av ei møtande dame at lenger oppe var det is. Så eg bestemte meg for å gå saman med ho nedatt, og bite i meg at det ikkje vart toppen. Neste gang blir det fjellsko og stavar.
Eg kom noko seint heim slik at dei tre vise menn( far og to søner) var faktisk ferdige med 2 kransekaker når eg kom opp. Eller den eine sonen hadde berre i oppgåve å late opp døra og halde dei med selskap.Men no er i alle fall kakene komt i frysaren. Då var det tid for Sarah bernard kaker. Dette er snadder, og langt ifrå tilrådd av Gretehe Roede og Fedon Lindberg. No skal rett nok ingen av dei feire jula med oss, så desse kakene er og kome i frysaren. Til kvelds var det Wok med tilbehør.
Idag (5.des)var det fine diamantar i kalendaren min.

Grindabygget på velteplassen tek form.

Vart ikkje stopp på første benk idag.

fredag 4. desember 2009

Adventstid

Då var eg her igjen. Turen til Oslo gjekk noko lunde bra. Espen fekk tannverk, og noko influensastyr. Vi tok svineinfluensavaksine, så det kan vere ein reasjon på den. Han klarde å vere heim frå arbeid nokre dagar, men hardt var det.

Elles veit slekt og vener at vår kjære Jonna sovna stille inn 24 november. Vi unner deg kvile etter ein lang kamp mot kreftsjukdomen, men saknar deg. Den første dagen på advent fekk såleis ein anna fokus i år. Vi hadde ei fin gravferd for ei eineståande mor, svigermor og bestemor. Dagen etterpå reise alle heim, og det vart brått stille i heimane. Denne helga kjem Petter attende og vi skal vidareføre laging av Jonna sine gode kransekake. Ho fekk fortalt oss alle triksa, så vi skal gjere så godt vi kan. Elles har eg kjøpt ein spennande adventskalendar frå papir i hjertet. Ja, det er sånn "scrappestyr".Til no har det vore fine ting.
1.desember 2.desember 3.desember
4.desember
Her er mykje snadder i vente

Det er og kjekt å nemne at blodtrykket er på veg ned saman med vekta. Det merkast på kropp og sjel at 16 pakkar med mjøl a 2 kg er borte. Jula skal nok gå bra, men julebord er ikkje tingen for meg . Men det skal vi den 12 des. Så skal Lions skal ha avslutning, då er det julemat og. Ja, ja det får berre gå! Ha ei fin adventstid "alje i hop"

Etiketter