Då er det faktisk 20 år sidan at vår "vesle" Stine kom til verda på Sentralsjukehuset. For lita var ho, berre 2300 kg og 45 cm. Men ho voks til. Vi gratulerer deg med dagen, og kjem til Bergen neste helg. Kos deg på dagen! Klem frå oss heime.
Idag var nok forholda langs Risevatnet ikkje så fint som det har vore siste veka. Ein lei motavind innover, men greit utover. Idag var vi eit fylgje på 5 stk. Vi hadde smurt med klister, men måtte resmørje bakglatte ski. Ikkje så lett å få gode ski idag nei. Men vi kom oss inn til 3.5 og tilbake. Flinke gutar, kvinne og menn. Det er ikkje vanskeleg å sjå at eg var fotografen(som alltid). Smørjepause
Vi måtte berre prøve på nytt med preparerte ski. Idag hadde eg ekstraski i bilen i tilfelle eg fekk samme problem som i går. Eg var rask å bytte, det var betre gli men hjelpe meg så bakglatte. Alltid skal det liksom vere noko. Heldigvis hadde eg noko blå smurning, og då vart det "litt"betre. Men idag var det eg som måtte gå fiskebein opp bakkane. No har vi og forstått reglane ang spora. Innover går vi til høgre og utover til venstre. Slik unngår vi krasj og fall. Idag var det mange flinke barn som gjekk langt. Nokre kosa seg med kakao og mat langs stien. Nokre var i konkuransemodus, og trena til birkebeinarrennet. Dei susa forbi oss i fleire vender. Sidan det var Espen som var fotogen i går var det best å få underteikna sin fabelaktiske skistil på trykk idag.
Idag skulle vi pakke vekke jula. Skal no berre ligge oppe på loftet nokre veker før det skal ned igjen men, men.Veret har vore strålande, men kaldt. Det er rett før kjøtmeisa vil inn.Varmepumpa vår går på høggir og slit verkeleg. Det er godt vi har vedomn nede. Det blir ein speiell god varme. Eg tok meg ein ryddepause og innviterte Espen på ein skitur langs Risevatnet. Det er køyrd opp to sett løyper der, takk til I.L OG A.L. VI møtte masse folk på same vandring som oss. Espen på bakglatteski og meg på sklifri. Når ein står i ro nedover bakkane er det ikkje moro. For å seie det sånn, verdensrekorden på 10 km vart ikkje trua idag. Vel heime fann vi fram smørjekofferten, og der var mykje spennande. I måra skal i alle fall skia gjerast reine og preparerast. Så spørs det om verdensrekorden held.