måndag 31. desember 2007

"Eg berre måtte"

Desse damene er klare for kippen i Florø. Utkledningskiste er godt å ha.


Nyttårsbrev

Hei alle de som er komen inn på sida mi/vår. Jula 2007 er omme. Vi har ete oss nedover i frysaren og innover i kjøleskapet. Enno er det ikkje tomt, så vi hadde nok mat i år og.
Den siste dagen på dette året skal vi vere på Svarstad med familien til Kåre. Stine skal ver i Florø saman med Pål. På kvelden skal dei gå kippen. Så no er det full action med prøving av kostymer og diverse i kjellaren her. Berre sjå kva ho fann. Konfirmasjonskjolen min. Det var ikkje bunad på den tida (gamle dagar i førre århundrede).Eg kunne ikkje anna enn ta eit bilete. Alle skulle vel kunne sjå kven som er kven. Det er noko med frisyren?












DÅ VIL VI SEIE GODT NYTTÅR TIL ALLE SAMAN.

måndag 24. desember 2007

Dette er eit springebilde med sjølvutløysar, så ein veit aldri. Men vi ser no litt glade ut i alle fall. JA no er jula over, sa Tryggve etter middagen.

Fotosession






Medan vi ventar på nissen tok vi tid til ein fotosession framfor juletreet.

Lisjejulafta 2007

Det er Stine som alltid pyntar vårt juletre. I år slapp Espen å løfte ho for å setje på stjerna. Den vesle svana er eit minne frå bestemor si tid og ho døde for nesten 30 år sidan. Så den er gamal. Eg huskar den godt frå min barndom. Eit kjært minne, og blir passa godt på. Så var juletreeet ferdig pynta, og sidan vi har tolmodige "ungar" og vaksne fekk og nokre julegåver plass under treet. Då var det tv kveld her hjå oss. Vi ventar på den store dagen.
GOD JUL



fredag 21. desember 2007



Hallo der ute i verda!
Adventstida er snart omme for liten og stor. Vi har om lag kome i boks. Det har blitt lite bilete av scrappeproduksjonar i det siste. Men eg kan no ikkje legge ut julegåvene på nettet. Det verste er at eg gløymde å ta bilete før eg pakka inn. Men, men, det er eit lite problem i forhold til den siste månaden som politikar i Bremanger Kommune. Lat oss vone at julehøgtida kan nytast. Thor Kristian kjem heim på krykkjer i dag, han opererte foten i går. Så han har fått godstol nede i kjellarstova(det er ikkje montert ringeklokke på den enno) samt flatskjerm. Stine er komen heim og skal hjelpe med dei siste førebuingane (veit det ikkje sjølv endå) I dag skal vi til Bremanger og bytte presangar med slekta. Ein tur på kyrkjegarden blir det og. Eg har mistanke om at eg ikkje får køyre sjølv i dag. Ho blir 18 år om ein månad så sertifikatet er kanskje i boks. Det gjenstår å vaske her og der og pynte juletre. Så får jula berre komme, anten vi ikkje har vaska inni alle skap. Nyt dei siste dagane og ikkje slit dykk ut.

Etiketter