Hei alle de som er komen inn på sida mi/vår. Jula 2007 er omme. Vi har ete oss nedover i frysaren og innover i kjøleskapet. Enno er det ikkje tomt, så vi hadde nok mat i år og. Den siste dagen på dette året skal vi vere på Svarstad med familien til Kåre. Stine skal ver i Florø saman med Pål. På kvelden skal dei gå kippen. Så no er det full action med prøving av kostymer og diverse i kjellaren her. Berre sjå kva ho fann. Konfirmasjonskjolen min. Det var ikkje bunad på den tida (gamle dagar i førre århundrede).Eg kunne ikkje anna enn ta eit bilete. Alle skulle vel kunne sjå kven som er kven. Det er noko med frisyren?
DÅ VIL VI SEIE GODT NYTTÅR TIL ALLE SAMAN.
måndag 24. desember 2007
Dette er eit springebilde med sjølvutløysar, så ein veit aldri. Men vi ser no litt glade ut i alle fall. JA no er jula over, sa Tryggve etter middagen.
Det er Stine som alltid pyntar vårt juletre. I år slapp Espen å løfte ho for å setje på stjerna. Den vesle svana er eit minne frå bestemor si tid og ho døde for nesten 30 år sidan. Så den er gamal. Eg huskar den godt frå min barndom. Eit kjært minne, og blir passa godt på. Så var juletreeet ferdig pynta, og sidan vi har tolmodige "ungar" og vaksne fekk og nokre julegåver plass under treet. Då var det tv kveld her hjå oss. Vi ventar på den store dagen. GOD JUL
fredag 21. desember 2007
Hallo der ute i verda! Adventstida er snart omme for liten og stor. Vi har om lag kome i boks. Det har blitt lite bilete av scrappeproduksjonar i det siste. Men eg kan no ikkje legge ut julegåvene på nettet. Det verste er at eg gløymde å ta bilete før eg pakka inn. Men, men, det er eit lite problem i forhold til den siste månaden som politikar i Bremanger Kommune. Lat oss vone at julehøgtida kan nytast. Thor Kristian kjem heim på krykkjer i dag, han opererte foten i går. Så han har fått godstol nede i kjellarstova(det er ikkje montert ringeklokke på den enno) samt flatskjerm. Stine er komen heim og skal hjelpe med dei siste førebuingane (veit det ikkje sjølv endå) I dag skal vi til Bremanger og bytte presangar med slekta. Ein tur på kyrkjegarden blir det og. Eg har mistanke om at eg ikkje får køyre sjølv i dag. Ho blir 18 år om ein månad så sertifikatet er kanskje i boks. Det gjenstår å vaske her og der og pynte juletre. Så får jula berre komme, anten vi ikkje har vaska inni alle skap. Nyt dei siste dagane og ikkje slit dykk ut.
Nei då, ingen som er arbeidslause her i huset. Malearbeid pågår i kjellaren, det er deadline 1.des. Det er knallhard prosjektleiing, så det går etter planen.Det blir heldigvis tid til å gjere "kjekke" ting og som scrapping. Når advent kjem då går det fort folkens! Så her er det best å få unna det som kan gjerast på førehand. ALLE ER SOLGTE
Jau så menn. I dag skulle vere dagen då vi skulle få vogna i hus. Men så krangla vêrgudane seg til eit skikkeleg skitver, med regn og tung snø. Espen vurderte vegen opp til Rygg som noko urven. Jau. Stig vi har X- trail men kva hjelpe det i ditta føret. Espen og Torbjørn reiv teltet. Fotoseansen ser de her. Så får vi vone at vêrgudane tenkjer meir på oss uti veka, og let oss få Knaus Royalen opp til Rygg. Så kan vi sitje heime og sleppe og otte oss for regn, storm, tung snø og det som måtte komme. SÅ DET SÅ!!!!!! Positive tankar hjelper på, så ditta går bra.
Ja, så er enno ei veke omme. "Snøven" dukka opp til glede for nokon og irritasjon for andre. Dette viser at campingsesongen før oss sommarfrikarane er omme. Haustekveldane er tid for scrapperier, og eg fann eit brudebilete av mine foreldre som eg ville prøve meg på. Sånn såg brudefolkjet i 1950.
Så var vi komt heim frå ei helg i sus og dus i Bydn. God mat og drikke, og ikkje minst to fantastiske show på Ole Bull og i Grieghallen. Det er berre å ta av seg hatten for denne dama her. Eit fyrverkeri med energi som ein kan misunne ho. Team Ecbo var og ei god oppleving. Så no er vi godt kulturelt metta for ein periode. Dei som ynskjer meir referat "from Børgen" får ta kontakt.
Månen var ekstra stor og lysande i kveld. Det er ikkje enkelt å halde kamera i ro, når ein står inntulla i "kvetele"og frys. Eg lyt ynskje meg eit stativ til kameraet til jul. Dermed er det sagt.
søndag 21. oktober 2007
Denne helga skulle Bremangerdamelaget spele mot Klepp, Diverre var desse eit hakk betre og reiste heim med 5-1 seier- Masse flotte bilder her.
Etterpå reiste vi til Kalvåg og åt breiflabbmiddag på Knutholmen. Vi fekk og tid til ein liten "kikk" på hytta til fam. V på Novelandet. Det går på fram...Den blir flott.
Vi hadde ein dagstur til Jurmala. Dette er favorittferiestaden for befolkninga i Riga om sommaren. Folk kan stå i kø i omlag to timar for å komme fram.Den kvite sandstranda er nesten 20 km lang. Det var bygd mange nye flotte hus av pengesterke personar. Men det unike landskapet var vansira av dei forfalne bygningane frå kommunisttida.I Jurmala finnst det over tjue kurstadar som tilbyr gytjebad og ei rekkje andre helsebringane behandlingar(t.d SPA). Diverre var alt fullt denne dagen. Men eg fekk SPA inne i Riga til den nette sum av kr 300 for ein heil time, og det er billeg. OG GU HJELPE MEG så godt det var, eg kunne ha gjort det kvar dag. Omlag 90% av kundrekretsen deira var norske turistar.
KM-meistrar på heimebane BREMANGER: Bremanger-damene låg under 0-2 etter 50 minutt, men i ein dramatisk andre-omgang snudde dei kampen, og med resultatet 3-2 sikra dei seg KM-pokalen og kvalifisering til 2. divisjon. GRATULERER DAMER!!!!!!!!!!!!!!!!
Elles var det vel nokre som tvilte på Espen når han kom med den lekre dameveska? skeptisk!
Ved sidan av Frihetsmonumentet ligg Rigas Stolthet: Det nasjonale operahuset med tilhøyrande parkanlegg.Det heitte ein gong i tida Det tyske teateret, og var den føste bygninga i Riga som fekk lagt inn elektrisitet(1887).Nymfefontenen og parkanlegget vart skapt året etter. Det var diverre ikkje bilettar å oppdrive til operaen medan vi var der. Men, kanskje neste gong? Frå hotellvinduet mitt såg eg rett over til operahuset og leika meg med superzoomen på kameraet.