Viser innlegg med etiketten Ferien 2007. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferien 2007. Vis alle innlegg

søndag 29. juli 2007

Ferien slutt

Så kom vi heim då etter 4 veker i sjampingvogna. For å seie det sånn så skal ungane våre vere glad at dei var milevis frå oss. For her var det slett ikkje rydda slik mor ville ha det etter 4 veker ferie. Etter 2 timar fann vi igjen kjøkenet, så har vi funne rom for rom etter kvart. UNGAR LES DE DETTE: så skam dykk. Det skulle vore teke bilde men eg fann ut at eg ville spare dykk for det. Dette var ikkje bra for stressa binyer. Godt eg startar veka med to dagar avspasering. Men ellers får de ha ein fin kveld frå oss to heime her i nr 48

torsdag 26. juli 2007

Feriemodus


Nokon kjøper stolputer etter fargene på teltet og gardinene, men denna gangen passa dei jammen meg bilen og. Flaks, å slapp vi å kjøpe ny bil. Elles er det siste veka av ferien. Det er merkjeleg kor fort desse vekene går. Idag er det sol og regn som sloss om plassen på himmelen. Det blir vel regnet som vinn. Men veret kan vi diverre gjere lite med, vis slappar av og kosar oss for det.

tysdag 24. juli 2007

Arbeidslyst


Er det Gloppelukta som gir er slik energi? Den nye trappa må i alle fall behandlast.

måndag 23. juli 2007

Oppskrift?????? (Mest til Berit)


Ja, så kom regnet og det var på tide å ta fram spøtet att. No har eg leita heile vogna etter oppskrifta, men den er og blir vekke. Den ligg nok i bosset ein eller annan stad i Norge eller Sverige. Så her sit eg med ein halvferdig gensar. Har nokon ute i verda denn oppskrifta frå Gjesdal. Fargane stemmer ikkje. Der eg har mørk grå skal vere raud. Her skal og vere eit glidelås. Fargane elles er svart, kvit og grå(grønt og lilla har eg dikta sjølv).

Krigføring

Arbeidsfordelinga er som vanleg, gutta i krigen og damene tek seg av solnedgangen.
Motivet er begynt å bli oppbrukt, men fann nokre nye blomar.

Modelloppdrag for Landmann gassgriller

søndag 22. juli 2007

Vi er tilbake i "Gløppa"




Svenskemat...
Den kjende solnedgangen.
Svelgenklubben, finn 1 feil?

Rastepause


Jammen fekk vi lov å sleppe ut i sola. Endå den ikkje var lagt inn på Tom Tomen.

Overnatting på Mjøsa ferie og fritidssenter





Det var solnedgang her og ser de.
Plassen var i startfasen og noko dårleg planert.
Gutta vart noko imonert av den elektroniske dotømminga. Kanskje denne gjer jobben meir spennande???

Vi er på veg mot Moderlandet.

Rastepause der Tom Tom gutta fekk leike seg litt. Den gode gamle "kartlesarkjerringa" i framsetet "GO HOME".


Siste kveld i Sweden






Siste kvelden var vi på Sjøkanten restaurant(campingplassen sin) og åt middag. Der havna vi opp i ein "stand upp sangarkonsert". Et ukjend navn for oss men svenskane humra og lo. Som de ser var det store gutters øl, men ned gjekk det. Klar,ferdig------ ferdig

torsdag 19. juli 2007

Tur til La(med tøddel)kø slott.


Idag er nettverket så håplaust at eg legg berre inn eit bilde. Opplysningar om slottet får de leite opp sjølve. Det ligg omlag 22 km frå Lidkøping. Stort og digert var det.
Idag har vi hatt regn på morgonen, men no skin sola og det er 20 gr igjen. I morgon reiser vi mot Norje igjen. Reiseruta er under planlegging.

onsdag 18. juli 2007

Slik går dagane





Jepp, ein ny dag med sol i sweden, men ein kraftige "vende" frå sør(trur eg). Retningar er ikkje mi sterke side seier Espen, og eg er villeg til å tru på det. I dag var vi i handelmodus, og skulle ta handletoget til byn. Rea skilt over alt, men varer som dei hadde i Norje i fjor på salg freistar ikkje. Det vart såleis lite posar. Men ein fin tur på byn. Stig kom over noko "belleg" golfutstyr. Han tenkjer å starte med det oppe på Eide. Gu hjelpe meg seier no vi. Kan få bruk for det tenking er noko skummelt.

Meld dykk som caddy. Han har bagar ser de.

Jente/Dameturnering i Golf





Minigolfanlegget måtte no prøvast. Det vart Sunnfjord mot Sunnmøre, med to representantar til sistnemde. Stilen kan vel ingen klage på. Berre to fattige poeng gav seier til Møre. Taparen måtte spandere drikke. Men så kom to "kjenningar" med gode naser for øl, så brått vart vi fire med bordet.

tysdag 17. juli 2007

Endå ein front


Jau då. "att i veia" kom Løseten sin front opp og. Glade og nøgde kan de sjå

Det gode liv i Sverige



God morgen eller dag?. Dagen starta godt med sol og varmt. Espen fekk draumefrukosten sin med 1 pk med bacon og 2 speilegg. NB: Steikt ute i det fri, eg vil ikkje ha "den" griselukta inne i vogna! Ut på dagen trua det med "åska" les torden og det kom med noko regn attåt. Vi var ein tur å Husvagn Svensson AB . Der kjøpte vi front til markisa, noko som var heilt naudsynt då regnet kom omlag 1/2 m inn i teltet på grunn av ny patent. Her har det nok vore ugler i mosen og tenkt pengar når dei har laga desse nye. Men no har det vi det tørt og fint, med side og frontvegg. "Jettekult" . Hej då

måndag 16. juli 2007

"Vi er hobbysvenskar"



På ein fin dag med sol og 21 grader kom vi til Lidkøping. Her er det smekkfullt på campingen, men våre gode venner frå Møre hadde reservert ein plass til oss, og takk for det!!!!!!!Elles kunne det lett bli ei natt i bushen igjen.Her kan de sjå frå leiren vår. Naboar der og her. Ja, ja det går veldig greit(trur vi?)Vi sender ei helsing til familie og anna slekt og vener. Vi har det fint. Hej då!!

Villmarkscamping


Etter 8 t på landevegen måtte vi jammen villcampe. Vi fann ikkje in einaste høveleg campingplass før sola gjekk ned. Vi kryssa derfor svinesundbrua, med tanke på å stille oss i utkanten ved Nordberg kjøpesenter. Fint og lyst var der, men brått stod ein securitas bil ved sida vår.: " Her får ni inte stå og campa ", Truleg ein nyudanna sjetunge etter vår meinig. Uskuldige som nokre lam sa vi: nei det har vi ikkje tenkt heller, vi skulle berre sjekke om Mc Donalds var open . Det var berre å fortsetje vidare, etter ca 10 fann vi ein rasteplass der fleire hadde teke natt. Der stod vi. Eg var ikkje høg i hatten, med alle mine fantasiar om alt som kunne skje. Vei plyndring med meir.... Vi vakna med livet i behald, og alle våre eigenlutar inntakte.

"Hallo i moderlandet"



Det tok si tid før det kom ein vetig campingplass med ope nettverk. Eller grunnen er egentleg at de skulle få tid til å sakne oss?Først lyt vi vise bilete frå vår provisoriske fjellcamp på Stynefjellet. 9 grader og regn 900 moh går vel akkurat utan straum.

Hytta er Knut og Sissel si, dvs jubilantane og grunnen til at vi var på Grotli.Bilde frå festen blir ikkje lagt ut her.

fredag 13. juli 2007

Helsing frå Dønfoss.




Hallo folks and andre.Vi stod opp fleire timar enn vanleg idag, og kom oss opp kyrastien frå Geiranger. Det var venta inn 4 cruiseskip idag, vi såg høve til å stikke av før vi vart overmanna. Det var lite trafikk så det vart en fin tur over fjellet. Vi stogga på Grotli hotell der mannjen min spanderte frukostbuffe i høve bursdagen. Kva skal dette ende, (middag, kake, kvelds, etc? ) Vi har no funne oss ein fin plass på Dønfoss. Det vert fram og tilbake sidan vi skal tilbake til Grotli på 120 års bursdagsfest i mårå. Men her møtte vi ei bygd fri for regn (enn så lenge)(Og internett), slik at vi kan oppdatere reiseruta vår for andre nyskjerrige. Sender med nokre bilete slik at de ikkje gløymer oss. Klems frå AM og E

Etiketter