torsdag 19. november 2009

Tida fyk

Det er visst ei stund sidan eg har skrive her inne. Kunne ha lagt inn eit bilete frå den fantastiske 50 års feiringa av Svelgen Skule sist helg, men det er gamalt nytt. Så det let eg vere. Sist helg var det og Kulturnnatt med aktivietetar til langt på natt. Det starta med stort innrykk av barn og ungdom på Coop som skulle sikre seg "niste" til kinopremieren Jul i Blåfjell. Etterpå kunne dei som ville delta på eventyrstund på biblioteket. Den som skulle stå for lesing var meg. Eg tenkte: Men eit stort inntak av sukkerhaldig medisin og ein fin film ville det sikkert bli ein nedtur å komme og høyre på ein "gamal" pedagog. Det gjekk veldig bra, borna var flinke å sitje i ro og lytte. Det vart lagt inn dialogar undervegs og det hjelper på. Det var einskilde foreldre som anten var stum av begreistring eller utsletne etter ei veke på arbeid. Sat som nokre lys og lytta intenst.
Elles går dagane til arbeid og samhold kring tunge dagar. Tida er på lån, og det tek på. Det er lite vi kan gjere med det, anna enn å hjelpe til så godt vi kan.
I helga skal eg og Espen på reis til Oslobygda. Han er i skrivande stund kome fram til hotellet, medan eg skal reise i mårå ettermiddag. Vi vonar vi får ei fin og roleg helg saman.
Vi ynskjer alle ei fin helg og veke.

søndag 8. november 2009

Andre benk idag.Hurra!!

Hadde ingen planer om kor langt eg skulle gå idag, men havna på 2 benk. Då var diverre vassflaska tom. Ein kjendmann sa at det ikkje var vatn på toppen. Då tok eg ikkje sjansen på å gå vidare og begynte på nedturen. Det var forbaska irriterande når ein var sååå nær sandseggja. Neste gong skal eg ha med nok vatn, så følg med. Kanskje kjem det rapport frå toppen før jul.

Andre benk. Kjempeflott skue!

laurdag 7. november 2009

JULEMANNJA I HEIMEN IDAG

Det var desse to (Vetle og Johann) som var mest ivrige saman med tante og mora. Dei andre kom snikande når hjortetakklukta tok til å virke. Det gjekk nokre smaksprøvebrett. Det må nok bakast meir ja. Men ikkje idag. Ikkje nok med dette, så har vel eit titals krabbar havna i panna på Mallakjøkenet. Er vel ikkje mange som deltek på renskinga tenkjer eg. Men krabbe til julefrukosten MÅ vi ha. Eg oppdaga at kameraet sto på feil innstilling når eg skulle legge inn bileta. Bildestabilisatoren hadde ikkje stått på, men vi orka ikkje lage ny dei og starte på nytt.De får berre oversjå kvaliteten på bileta, men eg er ikkje nøgd.






søndag 1. november 2009

NO går det mot jul

solgtsolgt solgt


solgt
solgt
solgt solgt
solgt
solgt

Kort igjen

Begge desse vart solgt på messa

Etiketter