laurdag 22. september 2007

Helgamodus


Ja, denne helga skulle vi liksom vere heime og slappe av i regnet, men så stakk Espen til Sandane for å ta ned teltet. Brått kom det noko lys på himmelen som liknar mistenkjeleg på sola. Det var nok den som laga den fine regnbogen. Den var faktisk dobbel sjølv og det er vanskeleg å sjå på biletet. Ja, veret kan vi ikkje gjer noko med, men lat oss vere positive og seie at det er i det miste stabilt. Ha ei fin "alje".

søndag 16. september 2007

Campingbesøk


Trass i eit elendig ver, reiste vi til campingvogna på Sandane. Vinden reiv og sleit i både telt og vogn natt til laurdag, men vi har tydeleg bolta godt. Vi har og tydleg godt med last inn vogna og. Laurdag fann vi kjendtfolk på Sandane, som kom på besøk "til dei er fadrane dine Teodor" som Kasper kallar oss. Det vart eit fint besøk av to karar som er sponsa av Durasell batteri. "som virker og virker". Men kanskje litt cola gjorde susen og. Elles ville dei smake på det vi hadde av mat, men det er kjekt at "bånjå" har næringsvett. Takk for besøket alle fire. Dei ville no komme att til sommaren, når Rune har fylt meir vatn i bassenget.

tysdag 4. september 2007

Min 6 års dag


Her ser de eit skikkeleg brusgrep. Bilde er noko skada, men du verden for eit minne. Det var alltid fint ver om sommaren i "gamle dagar". Burdagen min vart som regel feira ute i det fri. Det var standard med zimba kjeks og perle og bruse brus. Og så mamma si sjokoladekake då. Leikeins var håret fulldekka med stor silkesløyfe, og du verden for eit miniskjørt, ikkje rart vi MÅTTE gå med strømpebukse. Den som måtte lure: eg er nr 2 frå venstre.

måndag 3. september 2007

Bart i "gamle dagar".


Jau jau, her er to tøffe karar for akkurat 20 år sidan. Eg berre seier det: Jammen bra de tok til vett, og fjerna barten begge to.

Etiketter