Viser innlegg med etiketten Sandane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sandane. Vis alle innlegg

søndag 26. juni 2011

Gloppehelg atter ein gong




Denne helga vart ein ny modul ferdig. Vi kan no gå tørrskodde frå inngangsdøra og over til Møre grense. Desse karane er reine jehovabyggningsmenn. Det går unna og fint vart det.

Med livet som innsats fekk eg teke bilde av den nyutklekte måseungen. Måsemora trua med skrik og skrål så eg forsvann fortare enn svint. Dette reiret er ca 1 meter frå vogna vår. Kjem naboen så blir det vel fjerna, for måsen er jammen ikkje nådig.

søndag 20. februar 2011

søndag 16. januar 2011

Campinghelg

Har visst gløymt å legge inn bilde frå forrige helg når vi var på Sandane og årets første campinghelg. Dei einaste bileta eg tok var frå døra eller glaset frå huset då krykker, snø og is ikkje er noko å skryte av. Så det vart ikkje så mangen bilde.
Det var mykje snø på vogn, telt og hustak som måtte vølast.

søndag 21. november 2010

Vintercamping

Vi tok oss ein tur til Sandane for å sjekke hus og vogn. Det var rimeleg kaldt når vi kom(-9). TB hadde sett på varmen så det var ikkje ishus. Etter kvart vart det godt å sitje innomhus og kose seg med tv og godt drikke. Det var stille på plassen, på nordsida var det lys i 4 vogner. Laurdag var det berre lys i to. På Sørsida var det nokre hardbarka vintercamparar og. Det vart litt handlings på Sandane, samt at sykkelen var ferdig reparert. Den vart trygt plassert innomhus til våren kjem.Laurdagen var roleg og fin. Rusla meg ein tur ikledd ull og varmedress og tok ein del bileter med lommekameraet mitt. Elels vart det ei skikkeleg strikke helg.(på meg altså)

Ventar på våren

Rim i busk og trær


Klar til action
Vinkjøling på gang


torsdag 14. oktober 2010

Haustdag i Gloppen

I det flotte veret som var i helga fekk Kristoffer låne kameraet mitt for å ta bilde. Eg synest det alltid er fasinerande å sjå kva objekt og fokus barn har. Det blir mykje spennande bilde. Anbefaler alle å gje borna sine eit kamera av ikkje for dyr penge til jul. Eg lasta inn 36 bilder, det var mange objekt som var både 4 og 5 bilde av ,men kva gjer no det. Her er nokre fine bilde teke av Kristoffer. Takk skal du ha!






søndag 10. oktober 2010

Tur til Vetlevatnet

Ein nydeleg dag på Gloppen camping. Har gløymt ledninga til Canon apparatet. Var ein ivrig gut som fekk fotografere på stranda. Dei kjem på tysdag når eg kjem heim. Ungar tek utruleg mange fine bilder, og har eit anna fokus enn vi voksne. No overnattar eg i vogna for å reise til Loen på 2 faglege dagar. Eg drog med meg BW opp til Vetlevatnet. Ho får svare for seg sjølv korleis det var. Ein fraus, medan den andre svetta. Sånn er det med den saken. Tok nokre bileter med mobilen som dokumentasjon. Ha ei fin haustveke.


Etiketter