Her på sjampingplassen er det ikkje mykje folk for tida. Det sleng innom med nokre turistar, så her er stillt og roleg.Vi held på å pakke ut av teltet. Høgre armen min er ute av drift for tida så det blir noko redusert hjelp å få. Men vi får vone at legen kan kurere noko av smertene i mårå. Data med venstre handa går greit.Elles har eg leika meg med makro på kameraet idag. det er berre øving som skal til ser eg.Som de ser så har vi kjøpt jordbær idag, plukka i Gloppen. Kva korga kostar er vår sak ,men det er i alle fall godt.
måndag 30. juni 2008
søndag 29. juni 2008
FERIETID
Då er bilen pakka, og vi er snart på veg til Sandane.Vi håpar å få ned teltet tørt og fint.Vi køyrer til Ålesund på Torsdag for service og besøk hos Moafolkjet.Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at senteret får eit "kort"besøk og. Etterpå reiser vi der sola er.Einaste faste booking er Ørebro frå 10.juli.Elles er vi mobile. Det kjem vel nokre oppdateringar når det høver, og vi er på nett.Ha ein fin sommar så lenge.
søndag 22. juni 2008
Bursdagsfest på skogsvegen
Det må seiast at her var det lagt ned eit enormt arbeid. Regnet hølja ned, men festen var der den var planlagt. Vi troppa opp i fullt oljehyre og ullkle.Først skulle det slutte å regne kl 19.00, så 22.00 så til slutt 00.00 jmf yr.no. Det siste var rett.Då kom den fine sommarnatta til sin rett,og vi kunne bevege oss utanfor telta og kring leirbålet. Den flotte granbaren vart ikkje opne før då, dette bilde er teke klokka 04.00 på natta.Elles fekk dei tre karane ei verdig feiring.Dei vart til og med velsigna av paven med fylgje i ein imponerande sermoni. Dei kom køyrande til festen i ein flott doning sett i stand for anledninga.

fredag 20. juni 2008
Kortlagingsver
Det er rett og slett tragsisk feriever. Gode råd er dyre, så inni mellom rydding og vasking blir det heldigvis tid til litt kortlaging. Eg lagar to og to som er noko lunde like. Dette fordi når det eine blir solgt er det greit å ha eit til i reserve. Eg er enno i den gammaldags romantiske perioden. Går sikkert snart over.Ha ein elles fin fredagskveld. 50 års kortet har eg laga tre av til jubilantane som vi skal i selskap til i mårå.
solgt

solgt
begge solgt
solgt

solgt
begge solgt
torsdag 19. juni 2008
Tannlege, fisk og snaps
Dagens gjeremål var å køyre Espen til flyplassen, samt at eg hadde tannlegetime kl 10.00. Det må vere første gang eg ikkje har lagt lenge våken, og sete nervøs på venterommet. Ei hyggjeleg dame til tannlege er ikkje å forakte.Fort og greit inn og ut, berre nokre 100 lappar fattigare. Eksamen i Ikt gjekk VELDIG bra eg passar alltid på å kjøpe ein gåve til meg sjølv etterpå(når ingen andre gjer det, så blir det slik). I år passa det fint med medlemstilbodet på Coop.
Komplett pakke til all slags fiske. Inneholder: 9 fot stang, tupp for pilkestang, stor snelle med sene, sluklåser, jighoder og jighaler for slukfiske, torskehekle og pilk. Sjå her .
På veg heim skreik stanga etter å få prøvast. Så ein tur ned på kaia på Indrehus i lett regn utan den forbaska myggen. Då eg skulle dra ein liten makrell opp, stod det plutseleg ein tyskar der og sa: " ein schøne Makrelen". Jada, eg kom fram til at han kunne få den på min lite imponerande tysk Det var kona einig i. (at dei ville ha fisken altså) Han spurte om det var ein fin fiskeplass og litt meir, eg svara så godt at dei vart verande.Dei henta utstyr i bobilen. OG høyr her. Dei kom tilbake med ein liten pakke. WAS IS DAS? Eine snaps, og jammen låg det ikkje ein lita klunkeflaske. Det var bytte mot makrellen!!PS korken var segla!.Då eg fekk opp ein stor makrell som dei omtala som "Große", fekk dei sjølvsagt den og. No fekk dei stå for fiskinga sjølv for eg vart "müde" og køyrde heim.

tysdag 17. juni 2008
Blomar til mæg!
Flotell på vandring!
Då var helga omme.Det har lukta svidde dekk og spengde motorar i bygda i samband med amcar livet. No ser eg at "flotellet" fer ut Gulenfjorden. Då er det lite merke etter helga anna enn bremsespor her og der.

Elles er ferien begynnt for studentane i huset. Begge skal ha sommarjobb på Elkem. Vi andre "voksne"skal ut i verda på ferie med vogna vår i år og. Espen skal arbeide ut neste veke så er vi klar. Vi ventar sjølvsagt på pent ver.

fredag 13. juni 2008
Langt frå badetemperaturar!
Fann ut at det var best å få eit nytt innlegg sidan sola forsvann og det vart haustleg ver att.Det endra seg brått.Men det var eit triveleg lesever til eksamen. Den vart avvikla på onsdag kl 1500 i rolege former. I alle fall etter at eg fekk setje med og setje igang pratinga.(har lite problem med det) (lol).Men det gjekk rimeleg greit, resultatet veit eg ikkje, så den spenninga gjenstår. I går var vi på den årlege Lionsavslutnigsfesten i løa i Vindspolllen. Maten var som alltid svært god. Idag skal eg på blåtur saman med kollega frå oppvekst ut i den "store" verda. Er skeptisk i høve datoen. Det er jo fredag den 13 idag, med fare for å drikke slik at ein blir 13.Men ingen ting er eit problem berre ei utfordring. Så får de ha ein fin dag. Kanskje kjem det nokre ord i løpet av morgendagen, men om ikkje får de ha god helg!
søndag 8. juni 2008
Badetemperaturar
I helga måtte "dei fleste" til pers for å kjøle seg i den trykkande varmen. Nokre var tøffare enn andre,men sommaren er lang. Den trykkande heten hadde truleg teke piffen av det trådlause nettet og for det var ute. Difor vart dette gamalt nytt.
fredag 6. juni 2008
Tur til Risevatnet
Etter at vi hadde rydda garasja og tømd storboss hadde vi noko energi igjen til ein sykkeltur i heten. Endestasjonen var ved 3,5 km, då var det retur på heim. PS: ingen hoggorm heldigvis.
onsdag 4. juni 2008
Litt ymse
Idag var eg på min første fisketur på kaia på Indrehus. Makrelen er komen! Eg må i alle fall ha ny sene på fiskestanga. Helst 0.50.Først ein stor lyr som diverre søm rundt med ein sluk i kjeften. Han reiv den rett og slett snøret av. Så kom det ein ny samme sorten. Den lurte eg inn til lands, men den glapp når eg skulle hive den på land. ÆSJ, eg treng ein hov!!! 
Elles er det ein del byggesjau i huset. Vi har no flytta takluka ut i gangen.Vips så måtte vi til med nytt tak og, det kom på plass idag. No startar arbeidet med å rive bad og vaskerom. DUGNAD ? Eg held kaffi og sveler.
Men så får eg noko tid til overs etter kl 24.00, så her kjem to nye kort i gamaldagsstilen.

måndag 2. juni 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)