fredag 29. mai 2009

Pinse, camping, tour de Nordfjord

Vi er no kome på plass i Bukta. Espen tok den sprekaste varianten og sykla, Svelgen- Isane- Nordfj.eid- Lote-Sandane. Var ikkje så sprek når han gjekk av sykkelen, men ein flott prestasjon. Campingen er full av pinsevener,som alltid i pinsa. Vi har mange vener vi og i pinsa, men det er vist noko anna. Det luktar grill og tennveske langt utom grensene her. Først er det vel mat, så kjem kanskje pinsenissen?

Vi seier GOD PINSE TIL ALLE SOM ER INNOM! Deg, og deg og du og ja.

Måndag skal eg møte på SSF, operasjon på ONsdag så de får ha tolmod om det ikkje kjem nytt blogginnlegg på ei stund. Skal rekke å ynskje dykk God jul.
Sånn ser ein mann ut etter å ha sykla 7 mil.

Eksamen, office 2007 og 2003

Då var denne veka også omme. Den gjekk fort.Onsdag var eg oppe til munnleg eksamen i IKT.
Eg kom betre ut enn Høgskulen.Eg plukka datamaskina mi utav veska før eg reiste til Florø.Det burde eg ikkje ha gjort. Eg hadde det viktigaste med meg: MINNEPENNEN.No har eg office 2007 på mi maskin og alt arbeidet var såleis i dette formatet og.MEN maskina eg fekk tilgang til på eksamen hadde ikkje dette.Kva skjer då? Jau. akkurat det gjekk ikkje å opne dokumenta. ER DET MULIG Å BOMME PÅ DETTE PÅ EIN IKT EKSAMEN HISF?
Tydelegvis.
Måtte såleis ta det meste munnleg utan å syne prsentasjonen, og vise produkta frå heimesida.Så eg vart redda og forventar ein høg karakter, utan at det tekniske skal dra meg ned. Då blir det hett på telefonlinja til Høgskulen skal eg love dykk. Men er godtruande på at dette slepp eg.Det vil vise seg. Om kvelden fekk eg ei overasking på trappa mi.Ei ekte eksamenskake frå Rita R. min favoritt som er Napoleonskake. 4 stykker er jo egentleg nok til ein heil familie. Javel ,det siste stykke vart ein prøvelse ,men... Det er berre å sende gode takkar uti Breivika.

onsdag 27. mai 2009

Konfirmasjon vest i havet

På laurdag var vi i konfirmasjonen til Per Magne. Her er konfirmanten saman med mora som er søstra mi.

Elles hadde eg gode hjelparar som tok bilete. Kasper og Teodor var veldig flinke. Barn er flinke å ta bilde. Det er alltid like overraskande og spennande kva fokus dei har hatt. Alle barn burde hatt sitt eige digitale kamera!

Kasper og Teodor klare til oppdrag.
Her kjem biletserien deira:
Maria kom fram då!
Fine stolar!
"Litt" av bygda Flatraket.
Her var det "nåken" vi kjende!
Kvit fin skjorte!
Eg er fem år!
Nokre finn linsa uansett!

"Litt" av kakebordet
Steikje fine stolbein!
Denne såg god ut!
Dette var jammen slitsomt! Takk for idag.

torsdag 21. mai 2009

Høgt gras, brannfare og Tom Tom

Denne helga skal vi få tid til det meste. Fram til laurdag skal vi pleie campinglivet i bukta. Laurdag skal vi i konfirmasjonen til Per Magne.
Graset kring vogna hadde jammen vokse godt. Når vi skulle sitje med bordet kom graset opp der sola ikkje skin, så Espen fann fram grasklipparen. I heile dag har eg kjend ei intes lukt når eg kom inn i forteltet. Den vart ikkje noko betre, så måtte elige inn konsulentnaser. Lukta vart funnen i kontakta til Igloen. Den rett og slett rauk det av. Stigen måtte redde både, kontakta, igloen,ledninga og vogna frå brann. Espen berre jo MÅTTE OPPDATERE TOM TOM,en akkurat då. Slik er det berre med den saken. Men det endå godt, og alle var einige i at det hadde vore ei fin dag.


laurdag 16. mai 2009

Fjelltur

Vi har lenge snakka om å gå turen frå Storefossen , via Svelgsvatn og ned skogsvegen. No kom dagen etter om og men.





SÅ VAR VI HEIME

Fjellgeit på vandring

Jau då, det skjedde denne veka at eg for første gong skulle komme meg på Risesetra.Det er rett som nokre sa: "at det var j.... på tide". Hadde det vore ein skala angåande redsle for å treffe på orm i skog og mark ,er eg redd eg hadde sprengt denne skalaen med rimeleg høg margin. Å, ja slutt å tyt om at den er reddare enn eg. For eg er sikker på at den ligg på lur og skal ta akkurat meg. Torsdag gjekk 17 flinke born, Anita og Stein og meg på Risesetra. Det tok si tid men vi kom opp.

søndag 10. mai 2009

Kva skal ein liksom gjere på i drittveret?

Bestillingkort. Nokre kort er personlege pga av bilde på kortet. Dei blir ikkje lagt ut. Men no har eg laga 96 kort i år.
Her har eg lagt inn ei lita nakkeøving. Det eine kortet kjem feil inn uansett og eg snur bildet. Så de får legge haude til sida.



solgt solgt



solgt.Namnet til konfirmanten er skjult.

søndag 3. mai 2009

Buktaliv


Usj, er visst ikkje flink å oppdatere denne bloggen, men det har alltid ein grunn. Det har vore ein travel periode etter påske. Vi har vore mykje på reis i ulike retningar av landet begge to.Eksamenoppgåva mi vart levert 1. mai kl 14.58.Så no er det berre munnleg som gjenstår.Det har blitt lite scrappetid og, men masse sal og det er no bra då.Har laga sånn ca 30 konfirmasjonkort, så det skal bli godt å få ei pause frå dei.Denne helga er vi på Sandane i vogna.Vi har fått opp storteltet, og held på å plukke fram interiøret som er plassert både her og der. Det kjem seg vel.Sommaren er lang så vi skal nok få orden på det. Espen og Stig er blitt drevne på å setje opp telt, så det gjekk fort. Fluffy var direkte imponert. Ikkje ein einaste konsulent tilstades var det heller. Jau, rett nok to damer i sin beste alder som hadde kvalitetstid i kvilestolane som moralsk støtte. Veret kunne vore betre, men vi har no campingpelsen liggande. Då er det heim til ny arbeidsveke med nye moglegheiter.


Etiketter