Året starta så fint med snø og kulde, men så kom regnet og øydela den idyllen. Som dei fleste no veit var eg operert ved Haraldsplass 2.des. Det gjekk bra lenge men så....Såret måtte reviderast 17 des i Førde, og sidan er det blitt stelt kvar dag hjå heimesjukepleien. Det er no ca 5 cm djupt, og rett før vi kan sjå ryddraden spør du meg. Men det lyt berre få ta den tida det treng, sjølv om det går seint. Eg er ikkje fødd med 100% tolmod heller. I morgon prøver eg meg på jobb, så får vi sjå kor det går. Det blir å gå for halv maskin framover, om eg klarer det. Men har vel ikkje noko val.
I går var eg på kontroll i Florø med hyggjelege dr. Nybø. Den mannen må snart ha arbeidd i 100 år. Eg hadde med to damer som hadde pengar som gjekk ut på dato sånn cirka idag. Det gjekk unna på Fargeklatten, så den dama var fornøgd og kan sikkert trygt stenge butikken fram til påske. Hihi. Elles vart det berre sånn småplukking her og der i andre butikkar. Eg fekk meg ein støkk når eg skulle låse opp bilen utanfor Spar. Eg hadde plutseleg to sett med bilnøklar. Den eine var til X trailen min, men den andre til ein W bil av ein eller annan slag kjende eg ikkje. Eg fatta ikkje kor den kunne havne i min lomme.Haude mitt var fullstendig ute av fatning i omlag 10 min. Eg følte meg like forvirra som Mr. Bean på nyttårssal.Eg er jo ikkje kriminell så politihuset vart neste stopp. Det var ein fin tanke, men trur du der var ope, nei da!!!. Då fekk eg prøve Fargeklatten, men ingen hadde spurt etter nøkkel her. Det stod rett nok ein Passat utanfor, den prøvde vi nøkkelen på men den ville ikkje ha noko med oss å gjere. Enda på visa var at ho dama på Fargeklatten skulle levere nøkkelen på politihuset neste dag.Kor det enda veit eg ikkje. Må nok ringe bort, for eg eg så spøkje nyskjerrig. Kanskje er det finnarlønn? eller må eg til Vik? Tenkjer det er fleire som vart nyskjerrige no?
De får ha ei fin veke, og PASS PÅ BILNØKLANE DYKKAR!!