søndag 26. juni 2011

Gloppehelg atter ein gong




Denne helga vart ein ny modul ferdig. Vi kan no gå tørrskodde frå inngangsdøra og over til Møre grense. Desse karane er reine jehovabyggningsmenn. Det går unna og fint vart det.

Med livet som innsats fekk eg teke bilde av den nyutklekte måseungen. Måsemora trua med skrik og skrål så eg forsvann fortare enn svint. Dette reiret er ca 1 meter frå vogna vår. Kjem naboen så blir det vel fjerna, for måsen er jammen ikkje nådig.

torsdag 23. juni 2011

JONSOKAFTA 2011

Som siste åra tok vi turen til Nesbø. Der hadde dei som vanleg laga til rømegraut og masse kaker . Det var berre å pøse på for dei som ikkje blir "mett" før skeia har komt ut av munnen.

Godt kledde vandra vi ned til sjøen for å bivåne båltennninga. Her går ein ikkje for verdens

største bål(kvantitet), men kvalitet. Jammen var vi heldige å vinne på lotteriet og. To fine spisebrikker laga i lappeteknikk. Når vi snakkar og Nesbø og lappeteknikk er det berre ei som kan ha laga det.









laurdag 4. juni 2011

TOUR DE BREMANGER 2011

Årets sykkeltur var planlagt til denne helga. Berre så synd at regnbyene kom sigane inn Gulefjorden. Då er det lov å banne ein liten(stor) svett. Utruleg irriterande.Det er berre å utstyre seg med ull, regnkle med meir. Og ikkje minst masse byttekle.
Eg var rimeleg sikker på at eg måtte stå over denne turen i år, noko som ikkje er så kjekt. Det står ikkje på viljen, men på helsa. Espen fekk ein god stand in i Stig. Eg måtte stå på verandaen og ynskje god tur. Slik vart det i år på grunn av hopp og sprett. Mest på grunn av sprett sidan buken er opna, og sydd igjen. No får det holde ei stund. Så neste år er eg klar om turen overlever. TVI TVI. HÅPER TUREN VERT FIN FOR ALLE

Då er gutta klare, berre NESTEN!!!


MEN FØRST: Når desse gutta skal¨på tur så er det er det ein eller annan duppedings som er ny.
Fan Stig! Har du fått en sånn????????? Nett som ein unge.

Så endeleg er duppedingsen(på sykkelstyret) sjekka ut og turen kan begynne.
LUKKE TIL GUTAR.

Etiketter