måndag 29. juni 2009

Gutta boys på camping

Vetle og Elias har vore på camping med onkel og tante medan foreldra var i bryllaup på Austlandet. Veret kunne ikkje vore betre, så det vart masse bading.
Vetle ligg til lading
Så kom veslebroren og det var stas.

søndag 21. juni 2009

Hyttetur i havgapet

I helga har vi vore så langt ut til havet som mogleg.Vi har vore på innflyttingsfest på hytta på Novelandet. Det gjekk bra, det e rgodt å vakne bra dagen etterpå og. Skulle ynsksje veret kunne ha vore sånn "sitjepåverandanenogsleikesoltemperatur", men den sure kalde nordavinden sette ein stoppar for det. Vi takkar for oss denne gangen.










tysdag 16. juni 2009

fredag 12. juni 2009

Kortmodus igjen.

Det er lange dagar som vi må få til å gå på eit vis.Espen har vore svært oppteken denne veka, så han har eg berre sett mellom kl 00.00 og 06.00. Fekk nokre bestilling på bryllaupskort, og då var det berre å hive seg rundt. I helga skal vi berre roe ned heime. Trur min bedre halvdel treng det etter maratonveke. Vi har nok av småplukk å gjere heime og. Gangen utanfor badet står for tur. Idag kom dørene, platene og listene, dei skla ligge til lufting i kjellarstova. Helga blir vel brukt til å gjere klar slik at arbeidsmannen kan komme i neste veke. Skal blir godt å få det ferdig i alle fall.
Solgt
Solgt
solgt
Solgt

måndag 8. juni 2009

Vi er oppegåande mennesker

Hei og hå. Fann ut at det var på tide med ei oppdatering slik at vener, slekt og andre kan få noko å gjere på. Den siste veke gjekk fort. Eg reiste på sjukehuset i Førde på måndag og vart operert på onsdag. Kom meg fort, og fekk reise heim allereie på laurdags morgen. Det var godt å komme ut i frisk luft og få sove om natta. Eg låg på 4 kvinns rom heile tida.Det er mange rare lydar som kjem om natta frå både, huset, nabosengane, sjukepleiarar som snik kring om natta med lommelyktene sine og sikkert meg sjølv. Eg vaknar berre nokon snur seg i senga, men sov i ro var godt å ha. Så er det varmen på ditta huset då, som kan ta livet av ein stakkar som ligg nyoperert.Eg fekk dessutan besøk av Espen på Torsdagsmorgen etter at han var blitt sjekka inn 2 etasjer over. Alt står bra til men han, og fekk reiste heim allereie fredag ettermiddag.Men hosten og tungpusten er langt frå vekk. Eg seier ikkje meir.

Elles kan eg seie at eksamen gjekk bra, og eg slepp å blåse meg opp og klage. Karakteren vart A på begge frå Svelgen. Idag kom det blomar frå administrasjonen og det var hyggjeleg.
TIL BENTE: Takk for den flotte oppsatsen som kom, berre så synd at den datt i golvet og knekte seg. Den fekk mykje merksemd for den var så fin. MEN akk og ve, eg er nesten skjemd av å sei at eg gløymde å ta bilete av den , SORRY!

TIL HELEN: Takk for besøka på sjukehuset.
Vi snakkast!


No skal eg berre komme til hektene

Etiketter