søndag 27. september 2009

Bursdagsbarnet Johann

I helga har vi hatt besøk av Petter, Anne, Elias, Vetle og Johann. Den siste som no nettopp hadde bursdag og vart 1 år og barnehagegut.
GRATULERER MED DAGEN!

Solstrålen og bursdagsbarnet
Gutane med Sortevikvnamn har næringsvet. Tanta har laga svele. Namm.
Bursdagsgåva litt på snei, ulldress til kalde barnehagedagar ute i søle og snø.







laurdag 12. september 2009

Tur til Vetlevatnet idag.

Veret var faktisk fint. Eg og dei to Voldingane gjekk turen idag. Det var masse sauer langs vegen som gjerne ville snakke, men vi sa berre -fårikål- og då sprang dei. Ikkje ein einast hjort eller jeger såg vi og like greit kan det vere. Oppe med Vetlevanet var det jammen ein tulling som bada. GRRR, han må ha gløymt å sett på kalendaren.Ser at kameraet på mobilen tek til å svikte.Så bileta vart ikkje særleg kvalitet over.
Badeanda dukka, så det vart mest gras. Ikkje så nøye faktisk.

onsdag 9. september 2009

Vossabryllaup

I helga var på Voss i bryllaupet til Kenneth og Merethe. Det vart ein fin familiefest.

fredag 4. september 2009

Ja sånn går no dagane

Grindabygget på velteplassen tek form. Blir bra dette, skal bli kjekt å bruke det igjen.


På enden av skogsvegen finn vi dette. her kan ein få tyngre bør opp til Sandseggja om ein vil.
Smart seier no eg.


Ingen kommentar.På enden av skogsvegen

Etiketter