Vi hadde ein dagstur til Jurmala. Dette er favorittferiestaden for befolkninga i Riga om sommaren. Folk kan stå i kø i omlag to timar for å komme fram.Den kvite sandstranda er nesten 20 km lang. Det var bygd mange nye flotte hus av pengesterke personar. Men det unike landskapet var vansira av dei forfalne bygningane frå kommunisttida.I Jurmala finnst det over tjue kurstadar som tilbyr gytjebad og ei rekkje andre helsebringane behandlingar(t.d SPA). Diverre var alt fullt denne dagen. Men eg fekk SPA inne i Riga til den nette sum av kr 300 for ein heil time, og det er billeg. OG GU HJELPE MEG så godt det var, eg kunne ha gjort det kvar dag. Omlag 90% av kundrekretsen deira var norske turistar.



























