torsdag 14. april 2011

Vårturar

Ja dett er vel ikkje den mest aktive bloggen for tida. Har omlag budd i koffert siste månaden, og det er ikkje omme enno. Vi har vore mykje på reis som sagt. Vi hadde ei fin helg i byn saman med Anne og Stig. Vi entra Grieghallen og gode gamle Jan Teigen med gjesteartist Anita Skorgan. Det var ein veldig bra konsert. Inni mylja fekk vi ei helg i sjampingvogna, der vi berre "råta" oss og slapa av.Treng jammen det og. Forrige helg var det distriksmøte i Lions på Alexandra i LOen. Eg var med som "Løvinne" og mest som gjest og anstand.LAurdag vart det arrangert tur til Oldedalen med stogg på Skogstad, Ricco Vero, Melkevoll bretun, Aabrekk gård, Yrineset og til slutt Singerheimen.Vi hadde med guide som hadde rikeleg kunnskap om det meste om Oldedalen og dalstrøka deromkring.Bilda er frå denne turen. Ein fantastisk natur i alle endar. No reiser vi på tur til Sydelge strøk. Espen sin første tur dit, men eg har ein del kompetanse både språkleg og kva vi bør, skal, må gjere eller unngå. SÅ SO LONG FOLKS!! "GOD PÅSJE" Brenndalsbreen
Briksdalsbre Fjellstove


Melkevoll bretun


Briksdalsbreen





YRINESET

søndag 20. februar 2011

onsdag 16. februar 2011

søndag 13. februar 2011

Endeleg på tur igjen

Endeleg tok veirguden til fornuft og gav oss tilbake sola.
I helga var det eit nydeleg veir for oss på solssida. Kaldt var det, men med gode
turklede kom ein seg endeleg ut og opp.
Eg fekk meg eit lite sjokk etter at eg var på MR på Eid der det var konstatert at eg har gått med broten lårhals sidan nyttårsafta. Vondt har det vore , men det kunne vore verre og.
Det har vore nok sitje på rompa tid no. Med broddar både her og der var målet opp skogsvegen så langt eg måtte finne det forsvarleg. Det ville vere katastrofe om eg datt. Det gjekk strålande. Eg tok ikkje sjansen anna enn enden på begge skogsvegane. Opp til Fossekleiva var det tungt å gå. Men skal ein vere streten, så får ein berre slite med det. Godt nøgde. Det skal endeleg gå på fram.


søndag 23. januar 2011

BURSDAGS"BARNET" STINE

GRATULERER MED DAGEN TIL STINE SOM BLIR 21 ÅR IDAG. Tida går gitt.

søndag 16. januar 2011

Campinghelg

Har visst gløymt å legge inn bilde frå forrige helg når vi var på Sandane og årets første campinghelg. Dei einaste bileta eg tok var frå døra eller glaset frå huset då krykker, snø og is ikkje er noko å skryte av. Så det vart ikkje så mangen bilde.
Det var mykje snø på vogn, telt og hustak som måtte vølast.

torsdag 6. januar 2011

GODT NYTTÅR


VI SKÅLAR FOR DET GAMLE ÅRET SOM SNART ER OMME


Så kom kvelden og ungdomen måtte styre seg sjølv heime
Eg datt så lang eg var nede i veien, sjå spor i snøen på nedeste bilde til venstre(hehe)
Eg vart rekvirert til Storstova i Førde, møtte på AMK og måtte vente , for først skulle ei spørje om det, så kom det ein ung spirrevipp for å spørje om det. Ei ny dame kom for å vise meg gangen eg skulle gå for å finne rønken. Der kom det jaggu meg endå ei som skulle vise meg døra inn i rønkenrommet, Jaudå endeleg kunne eg slenge reva oppå benken og få eit svar. MEN ho kunne sjølvsagt ikke seie noko, du skal gå bort der. Nytt venterom og nye folk. Men der kom jammen ein kjenning (han spirevippen). Han kunne endeleg slå fast at det ikkje var funn av brot/HURRA. Undersøkinga på benken var ei liding på grunn av rørslehemminga. Men versegod her får du ein resept på tabelettar. Jaudå apooteka er sikkert ope nyttårsafta kl 23.45 i Førde. NOT. Eg hadde ein mistanke om at det låg nokre slike i skapet mitt heime, så eg gav blaffen og ville heim. Klokka 0000 var det sånn nåke lunde ver og rakettane tok til å skralle i Førde by. Vi fekk med nokre smell i Naustdal og. Det dabba av etter kvart. Det var sånn små putring i Eikefjorden. Veret var elendig og det var dårleg sikt. Men Espen fekk oss trygt heim, då var klokka 0110.Så vi slappa av og fekk smake på champagneslompen som var att og gjekk å la oss. Slik vart Nyttårsafta 2010.
Takk og lov for at vi hadde krykker i hus. Det er flittig brukt på dei første dagane i januar.
Får håpe det går fort framover, eg er ikkje fødd til å sitje i ro.

Etiketter