onsdag 20. juni 2007
JA då var det gjort. Vi er komen heim med ein pirat. Operasjonen gjekk bra etter det dei sa. Men det gjenstår å sjå. Espen er ute og drikk velkommen til verda pils for babyen til Svein. Vi andre set heime og sløver. Det blir tidleg seng idag, for det vart lite søvn i bunkersen på sjukhuset. Varmt og klamt. I mårå er det kommunestyremøte på Rugsund Handelstad kl 08.30, så må opp og køyre før fuglane.................Elles er det rett til Gloppen på fredag og jonsokfeiring og mottak av vogna til fam Haugland. Rydde og vaske hybel må vi rekke og. Ungane vår blir no ALLTID handicappa på denne tida slik at foreldra må trå til. MERKELEG.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)
4 kommentarer:
Fuglane begynner å kvitre 3-1/2 4 tida. Det veit eg som går nattevakter. Det er då fryktelig kor lang tid du bruker til Rugsund. Skal du køyre om Bremanger? Nattferje?
Nei,eg tok strake vegen og var framme på handelstaden 1 t etter start. Då køyrde eg med vet. Og ja, Svelgen får ny sjukeheim
Som skal byggast kor?
Den blir i Svelgen. Ein skal ikje starte ei sak om rehabilitering /nybygg om kor den skal ligge. Den "blemma" tek vi ikkje ein gong til.Planmenda veit no at dei skal planlegge utifrå nybygg, då tek dette arbeidet til, sjølv om ein har tenkt på dette og.
Legg inn en kommentar