
Etter 8 t på landevegen måtte vi jammen villcampe. Vi fann ikkje in einaste høveleg campingplass før sola gjekk ned. Vi kryssa derfor svinesundbrua, med tanke på å stille oss i utkanten ved Nordberg kjøpesenter. Fint og lyst var der, men brått stod ein securitas bil ved sida vår.: " Her får ni inte stå og campa ", Truleg ein nyudanna sjetunge etter vår meinig. Uskuldige som nokre lam sa vi: nei det har vi ikkje tenkt heller, vi skulle berre sjekke om Mc Donalds var open . Det var berre å fortsetje vidare, etter ca 10 fann vi ein rasteplass der fleire hadde teke natt. Der stod vi. Eg var ikkje høg i hatten, med alle mine fantasiar om alt som kunne skje. Vei plyndring med meir.... Vi vakna med livet i behald, og alle våre eigenlutar inntakte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar