søndag 12. august 2007

Sommarferien går mot slutten

Jau då vi er oppegåande.Men det blir lite fotosession for tida. Miriam (jenta til Thor Kristian er reist tilbake til Stavern,medan Ronja frå Hvaler (venninna til Stine) er her enno.Espen den spreke, er nett i Risevatnet, har allereie arbeidd i 2 veker. Sjølv har eg arbeidd med førebuing til skulestarten.Denne veka var eg på Eid på mattekurs(LAMIS). Neste veke er det planleggingsveke saman med dei andre lærarane på skulen. Det blir ei spennande tid framover,men både barn og foreldre er vel like spente som eg. Stine skal tilbake til Sandane og danse seg gjennom eit år til. Ho er allereie flytta inn i ny hybel midt i sentrum. Thor Kristian reiser snart tilbake til Sogndal og skal studere Samfunnsfag. Elles blir det vel ein del fotballdømming framover hausten. Er jo blitt DEN Stjerna etter Norway Cup.Går rundt og sprader i gulltrøya med finaledømmar 2007 på ryggen. Nei no kallar "hushjelppliktene" ser det ut til. Vi snakkast til helga på Sandanedagane når eg er ferdig med valkampen i Kalvåg.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Driv du på og esprimentere no??

Aud Marit sa...

Ja men får ikkje til å legge inn font bilde, det passar ikkje,har prøvd det meste

Unknown sa...

D e då d e litt greit å vete litt om HTML koding.

Aud Marit sa...

JAu det skulle ein tru, der har eg ikkje vore
Halleluja

Etiketter