
På den varmaste dagen i august måtte Espen ut å prøve det "nyaste "sykkelutstyret sitt. Jau då, i eit pølseskinn av ei bukse med god polstring der sola ikkje skin og nesten råe hanskar. Med sekken full av vatn, slit han seg i skrivande stund opp til rasteplassen oppe i dalen. Men elles er vi to "gamlingane" heime her aleine etter at ungane er reist tilbake til sine skulestadar( Sandane og Sogndal). Eg tok imot 17 spente 1 klassingar i går. Og det gjekk no bra. Det skal bli eit spennande år. Framover no blir det mykje valkamp, MEN eg skal ikkje plage dykk med det her inne. Men lyttar gjerne.
3 kommentarer:
Kom han heim igjen?
Jau då, det gjorde han. Var noko uvant å sitje 1/2 meter over sykkelsetet med det gjekk.
MEN det gjekk skal det vere. (Fingarane er raskare enn augene)
Legg inn en kommentar