søndag 5. august 2007

Thor Kristian sin spennande dag på Norway Cup


Det vart ein spennande dag i går laurdag 4 aug kl 1700, då vi benka oss kring tv og fekk sjå sonen vår på TV. Korleis det gjekk kan de lese her:(frå svelgen.no)


Kjempeinnsats av Thor Kristian på Norway Cup 05.08.2007
Thor Kristian Sortevik frå Svelgen TIF var utteken som einaste dommar frå Sogn og Fjordane på NFF sitt talentdommarkurs på Norway Cup. Sortevik gjorde ein så god innsats at han vart utteken til å dømme finalen i gutar 16 år, mellom Kvik Halden og Pequeninos do Jockey. I den TV-sendte finalen fekk Sortevik voldsomt med skryt av Ivar Hoff, som ikkje akkurat er kjent for å skyte av nokon. Utan at Svelgen.no skal gå god for å sitere det Hoff sa, var det noko àla at det var den beste dømminga han hadde sett på Norway Cup (om han meinte i 2007 eller nokon gong skal vere uskrive).


No er vi no litt krye då. Bildet syner gullmedaljen han fekk av å dømme finalen , samt medaljen han fekk frå Pequeninos do Jockey. Elles ynskjer vi velkommen til jenta som han hadde med seg.

8 kommentarer:

Mallemor sa...

Gratulerer med sonen! De har all grunn til å vere stolte.
--- men når det gjeld fargen på huset i Bakkevegen-- kem i all verden kom på å male det BRUNT ..
Nokon som hadde en riktig dårlig dag???

Aud Marit sa...

Ja sei det, vi kom med same spørsmålet.

Aud Marit sa...

Hadde ikkje kjensla av at valet vart gjort grunna sinnsstemning.

Aud Marit sa...

No er alle reist, så kanskje vi skal male det blått igjen (ha ha)

Mallemor sa...

Sjå bloggen min. Der er et hus som blir berre lekkert.

Anonym sa...

Ikje berre er han den beste dommaren dei har opplevd i heile Norway Cup si historie! Men "BANENS BEST" også!! Kjempegreier!! :oD

Aud Marit sa...

Ja, og vi har vi på DVD. Den må leggast i safen(som er tom så der er god plass) Haha

Aud Marit sa...

Til deg som er anomym.
Eg legg ikkje inn kommentarar som har anomym avsendar.

Etiketter