søndag 16. september 2007

Campingbesøk


Trass i eit elendig ver, reiste vi til campingvogna på Sandane. Vinden reiv og sleit i både telt og vogn natt til laurdag, men vi har tydeleg bolta godt. Vi har og tydleg godt med last inn vogna og. Laurdag fann vi kjendtfolk på Sandane, som kom på besøk "til dei er fadrane dine Teodor" som Kasper kallar oss. Det vart eit fint besøk av to karar som er sponsa av Durasell batteri. "som virker og virker". Men kanskje litt cola gjorde susen og. Elles ville dei smake på det vi hadde av mat, men det er kjekt at "bånjå" har næringsvett. Takk for besøket alle fire. Dei ville no komme att til sommaren, når Rune har fylt meir vatn i bassenget.

Ingen kommentarer:

Etiketter