søndag 4. november 2007

Bergenhelg


Så var vi komt heim frå ei helg i sus og dus i Bydn. God mat og drikke, og ikkje minst to fantastiske show på Ole Bull og i Grieghallen. Det er berre å ta av seg hatten for denne dama her. Eit fyrverkeri med energi som ein kan misunne ho. Team Ecbo var og ei god oppleving. Så no er vi godt kulturelt metta for ein periode. Dei som ynskjer meir referat "from Børgen" får ta kontakt.

7 kommentarer:

Unknown sa...

kva likte du best på marit? :)

Aud Marit sa...

Jau det skal eg sei deg, då ho var i burka og Espen Beranek sin parodi på Bjørn Eidsvåg, då var ho konge og.Elles var det lite døtid.Det var god stemning i salen og folk lo så berre det.

Unknown sa...

Sitat frå stykket:

Marit: "Kan vi ikkje bare SETTE oss i sofaen og ta en PILS!?"
Isabel: "JAU!" *byrjar å klappe. Resten av salen byrjar òg å klappe.*
Marit: "Enig, ja?!"

Eg elskar den der sangen om alt ho ikkje kan. Sikkert fordi eg kjenner meg heilt sjukt igjen ;P

Aud Marit sa...

Ja kor f... har ho/han lært det hen?

Unknown sa...

Ikkje veit eg, men eg trur eg var på same plass som ho. Og det er eigentleg litt betryggande òg, kjenner eg.

Aud Marit sa...

Det vart eit sitat frå songen altså: Kor f.... har osv. haha

Unknown sa...

Skjønte det altså. Men eg var ikkje den plassen alle lærte om quilting og å redusere saus, eg var der ho var.

Der ho lærte å koke poteter (men då fulgte eg ikkje med), grandiosa og å hive innpå med vin :)

Etiketter