Adventstida er snart omme for liten og stor. Vi har om lag kome i boks. Det har blitt lite bilete av scrappeproduksjonar i det siste. Men eg kan no ikkje legge ut julegåvene på nettet. Det verste er at eg gløymde å ta bilete før eg pakka inn. Men, men, det er eit lite problem i forhold til den siste månaden som politikar i Bremanger Kommune. Lat oss vone at julehøgtida kan nytast. Thor Kristian kjem heim på krykkjer i dag, han opererte foten i går. Så han har fått godstol nede i kjellarstova(det er ikkje montert ringeklokke på den enno) samt flatskjerm. Stine er komen heim og skal hjelpe med dei siste førebuingane (veit det ikkje sjølv endå) I dag skal vi til Bremanger og bytte presangar med slekta. Ein tur på kyrkjegarden blir det og. Eg har mistanke om at eg ikkje får køyre sjølv i dag. Ho blir 18 år om ein månad så sertifikatet er kanskje i boks. Det gjenstår å vaske her og der og pynte juletre. Så får jula berre komme, anten vi ikkje har vaska inni alle skap. Nyt dei siste dagane og ikkje slit dykk ut.

1 kommentar:
Ja d e godt å være komt i hamn. Jula kjem uansett, so d so!
Storejenta mi overraska henne mor med skinande hus ein dag eg kom heim frå jobb......DEILIG!!!!!
Legg inn en kommentar