tysdag 1. januar 2008

NYTTÅRSAFTA 2007

Vi feira nyttårsafta på Svarstad i år. Stine og Solveig var i Flor. Vi åt som vanleg ribbe til mat, etter at sauene hadde fått sin posjon nyttårsmat. Vi var 12 stykker til bords. Eit livleg måltid til tider. Det vart lane timar fram til midtnatt, så morfaren måtte skyte opp nokre "gamle" små rakettar. Teodor synest det var moro fram til smella kom, då kom han inn. Kasper som var stolt som ein hane. "Æg ækje redde" og Johannes synest det var stas. Brått var klokka nytt år og Espen spretta champagnen. Vi seier GODT NYTT ÅR. Festen tok brått slutt for Teodor som endeleg fekk legge seg.


Ingen kommentarer:

Etiketter