fredag 28. november 2008

Bad igjen!

Brått vart det helg igjen!. Det har no skjedd litt denne veka i samband med badet. Golvet er no ferdig. Alt er fuga. Taket og døra er på plass.Og ikkje minst: vi kan gå på do. Vi har ikkje holdt oss i ein mnd om nokon trur det.No ligg listene og herdar seg på stovegolvet.Det skal bli ei lukke å gå normalt her i huset om ei tid. Julegardinene på stova er faktisk kome opp idag. Staken og adventslysa likeså. Effektiv kjerring må eg sei. Dagen i mårå går med til nominasjonsmøte på Skei(rai rai). Søndag skal siste innpurt gjerast før eg reiser til Bergen på måndag og blir der ut veka. Skal faktisk ikkje ha med datamaskina. Jau, du las rett.IKKJE HA MED!
De få ha ei fin helg. Kanskje kjem det oppdatering neste helg, då resten av innventaret på badet er på plass.Eller noko anna spennande stoff å skrive om.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du tek vel med mobilen? Ka?!

Aud Marit sa...

Ja ver du trygg, den er alltid med, men berre 1.

Etiketter