måndag 9. februar 2009

Cabaret på Sandane

Hallo. Det tok si tid før det vart nokre ord frå oss. Det har vore ei travel veke. Sidan sist har eg t.d avvikla 3 årsmøter. I helga var vi på Skei Hotell. Det var det rimeleg kaldt. Det meste var frose i bilen når vi skulle heim. Til og med våtserviettane i hanskerommet.Men ned jølstarvatnet tina det meste opp i det flotte solskinnet.
Det har blitt lite kortlaging. Ein må no arbeide litt her i livet og. På søndag var vi på Sandane på Cabaret. Firda Tidende skryt av forestillinga : http://www.firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=5366
JA OG DEI VAR VERKELEG FLINKE!!! Dei som ikkje fekk sjå dette, er ei kulturell oppleving fattigare. Det var diverre ikkje lov å filme eller ta bilde med blitz, så eg måtte "låne" nokre bilder som var noko små ser eg.

Stine deltok som dansar.



Fotoeigar: Hans Fredrik Bjarkøy

1 kommentar:

Unknown sa...

Jau!!! Her va d MØKJE flott å sjå!!! :o/

Etiketter