søndag 15. mars 2009

Ny helg!

Ting tek tid, men no er våren er på veg.Hestehoven blomstrar i oppkjørselen vår. Forrige helg må seiast å vere av kulturell art. Om det er så mykje kultur å svirre rundt på Ikea kan gjerne diskuterast.Men IKJE ta den diskusjonen med Espen. Han er glad han kjem seg ut døra på den sjappa.Bilen vart rimeleg full, så eg måtte sitje med beina oppunder haka på heimvegen.Å ha korte bein vart lukka denn gangen. Fredagskvelden var vi på Mongolsk restaurant(den ligg bak Hotell Norge) og kan anbefalast.Laurdagen var vi på Vinskvetten som ikkje gjorde kvelden dårleg.Elles var det ikkje råd å vandre ute pga sur vind og regn. Søndag var Espen på ordinasjon. Det vart litt oppstyr på hotellet når kongen skulle ut. Stengde vegar, heisar, raud løpar m.m. Eg pleier å ha mobilen med som standard kroppsdel, men ikkje akkuart då. Så eg får leve på minnet.Elles driv eg no å ryddar hobbyrom. Men før det vart det nokre kort. solgt

Solgt


Ingen kommentarer:

Etiketter