Då var alle på plass i heimen, og vi kosar oss med påskeferie alle. Det blir litt meir enn hybelmat for å styrkje studentane sin energi resten av skuleåret.Så i går laga eg ei stor panne med komle.Det kom godt med for inn døra kom Annette med famile minus den største bukkene bruse. Om kvelden lokka Stine meg med på spinning.Jau eg holdt trøandeut i 50 min ,før uttøyingane. Det var ikkje så verst med tanke på alderen og kondisen for tida.Trudde komlene hadde komt opp ei stund, men seig fint ned igjen.
Elles ligg skodda tjukk nedetter fjellsidene idag, så er det med godt samvit at ein finn pc og skriv nokre ord til eksamensoppgåva. Rett nok med pauseinnslag der ein er innom scrapping.no, facebook og nyhendesidene. Har tenkt å lage nokre kort, og fortsetje arbeidet med Londonalbumet.
YNSKJER ALLE EI FIN PÅSKE. PÅSKEHAREN KJEM TIL ALLE SOM HAR VORE SNILLE.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar