måndag 8. juni 2009

Vi er oppegåande mennesker

Hei og hå. Fann ut at det var på tide med ei oppdatering slik at vener, slekt og andre kan få noko å gjere på. Den siste veke gjekk fort. Eg reiste på sjukehuset i Førde på måndag og vart operert på onsdag. Kom meg fort, og fekk reise heim allereie på laurdags morgen. Det var godt å komme ut i frisk luft og få sove om natta. Eg låg på 4 kvinns rom heile tida.Det er mange rare lydar som kjem om natta frå både, huset, nabosengane, sjukepleiarar som snik kring om natta med lommelyktene sine og sikkert meg sjølv. Eg vaknar berre nokon snur seg i senga, men sov i ro var godt å ha. Så er det varmen på ditta huset då, som kan ta livet av ein stakkar som ligg nyoperert.Eg fekk dessutan besøk av Espen på Torsdagsmorgen etter at han var blitt sjekka inn 2 etasjer over. Alt står bra til men han, og fekk reiste heim allereie fredag ettermiddag.Men hosten og tungpusten er langt frå vekk. Eg seier ikkje meir.

Elles kan eg seie at eksamen gjekk bra, og eg slepp å blåse meg opp og klage. Karakteren vart A på begge frå Svelgen. Idag kom det blomar frå administrasjonen og det var hyggjeleg.
TIL BENTE: Takk for den flotte oppsatsen som kom, berre så synd at den datt i golvet og knekte seg. Den fekk mykje merksemd for den var så fin. MEN akk og ve, eg er nesten skjemd av å sei at eg gløymde å ta bilete av den , SORRY!

TIL HELEN: Takk for besøka på sjukehuset.
Vi snakkast!


No skal eg berre komme til hektene

Ingen kommentarer:

Etiketter