laurdag 22. august 2009

Kalvåghelg og Valkampopning.

Valet nærmar seg med stormskritt anten ein bryr seg eller ikkje.Denne helga hadde vi valkampopning saman med Vågsøy og Flora Ap. Eg og Espen leigde Nødsetbua heile helga. Det var stille og roleg, noko som vi set pris på.Det er uturleg god mat på Knutholmen og god service av Fossen. Laurdag smaka vi på havets festbord som dei er kjende for. Det var ein del folk denne kvelden.
Her er det flott å nye både utsikt og flytande føde.
Utsikt frå verandaen
Båtlivet er ikkje over for sommaren
Lady og Landstrykaren på Holmen
Svanhild kom til kai på Holmen laurdag kveld

2 kommentarer:

stigensi sa...

Masse folk sa du......?
Såg føre meg masse AP-folk og langbord eg då......, men godt du og han far kosa dykk då iallfall;o)!!!

Aud Marit sa...

Jau det var det, men du ser ikkje folket.Laurdag var nok alle Ap reist heim, det var berre eg og Espen igjen.

Etiketter