fredag 23. oktober 2009

Tur til Alta

Eg reiste til Alta laurdag 18 og heim tysdag 21.10. Det var rart å komme så langt nord med kofferten full av ullkle, hue og varme sko.Temperaturen og veret var som heime, så dei varmaste kleda slapp vi å pakke ut. Ikkje eit snøfnugg over den verharde Finnmarksvidda. Søndag køyrde vi frå Alta til Kautokaino med ein kort tur innom bygda Masi. Vi besøkte Juhl sølvgalleri i Kautokaino, huset og atmosfæren der klarer eg ikkje skildre med ord, den må berre opplevast. Måndag kveld besøkte vi i Alta skiferbrudd.Her fekk alle lage sin vesle runde helle som kan brukast slik det høver.
Finnmarsvidda
Kyrkja i Masi

Juhls sølvgalleri

Kautokaino

Alta skiferanlegg.

Ingen kommentarer:

Etiketter