fredag 18. desember 2009

Det nærmar seg

Julesnøen idag, og det var kjekt. Vi fekk spisestua opp i går heldigvis, så vi slapp å bere i glatt trapp. I morgon blir det siste innspurt på handlefronten, må ein kjapp tur til Florø for å få akkurat "det". Så skal vi i party om kvelden, men det skal gå bra. Opp tidleg og ta den årlege bytejulegåvermedsøsken i Bremanger. Dessutan skal vi pynte med lys og kransar på gravene til foreldra og besteforeldra våre der ute og. Det er berre å finne "ullbrokja" og kle seg godt.

I dag hadde vi vår årlege nissefest der vi sang i sentrum og på Rådhuset. Det gjekk veldig bra, så fekk vi god graut av tre bestemødre når vi kom tilbake til barnehagen. Jammen kom nissen og.

Her er den nye spisestua sidan så mange etterlyser bilete.
STÅ PÅ DEI SÌSTE DAGANE; MEN SLIT DYKK IKKJE UT. Anten får deg roe dykk ned eller ta jula på nyåret.

4 kommentarer:

Stigensi sa...

Stolane var ihverfall fine:o)!!! Men bordet såg eg lite av du;o)

Aud Marit sa...

Du må få det i puljar kjære deg

Stigensi sa...

Eg ventar i spaning;o)!!

Anne-Karin sa...

Good greef! :o/

Etiketter