Tok jammen og laga eit kort etter gamalt. No manglar eg 1 kort på 150 til denne tid i år.
Idag var det juleavslutning for Lions. D.v.s julemat på hotellet. Vi løvedamene var innviterte. Ei koseleg og roleg stund. No er julegåvelista laga, dvs dei eg skal kjøpe til. Det blir å gå med blyant og krysse vekk etter kvart på laurdag. Espen skal vere med å bere posar,og det er no betryggande. Men det er først på laurdag.Først skal vi ha Luciafeiring på jobb. Det er mange spente barn, og ikkje minst foreldre som skal felle ei tåre fordi barna blir så vakre med pappa si kvite skjorte og glitter i håret. Ja, og det er rørande. Vi har masse lussekattar. Eller som ein sa : vi har baka pusselussar idag, eller var det kattelussar. Det er så vanskeleg med "fransk". Vi øver berre på norsk og engelsk og slik blir det ei stund til. men ein veit aldri kva utdanningsdepartemenetet finn ut.
Nei no er det tid for å finne agneS og lese nokre strofer med husmorp...før nasa dett i boka.
Ha ei fin Luciadag.
1 kommentar:
Det ser ut som du har klart målet med 100 kort i år og vel så det. Vel laga! Ha ein fortryllande dag med vakre små :)
Legg inn en kommentar