laurdag 9. januar 2010

Skitur

Idag skulle vi pakke vekke jula. Skal no berre ligge oppe på loftet nokre veker før det skal ned igjen men, men.Veret har vore strålande, men kaldt. Det er rett før kjøtmeisa vil inn.Varmepumpa vår går på høggir og slit verkeleg. Det er godt vi har vedomn nede. Det blir ein speiell god varme. Eg tok meg ein ryddepause og innviterte Espen på ein skitur langs Risevatnet. Det er køyrd opp to sett løyper der, takk til I.L OG A.L. VI møtte masse folk på same vandring som oss. Espen på bakglatteski og meg på sklifri. Når ein står i ro nedover bakkane er det ikkje moro. For å seie det sånn, verdensrekorden på 10 km vart ikkje trua idag. Vel heime fann vi fram smørjekofferten, og der var mykje spennande. I måra skal i alle fall skia gjerast reine og preparerast. Så spørs det om verdensrekorden held.


Ingen kommentarer:

Etiketter